Viktig informasjon om PIN-koden

Dei fleste har allereie PIN-kode

PIN-koden er send til alle kundar. Den står i årsoppgåva, som alle kundar får i januar kvart år, og i tidlegare rekningar frå Lånekassen.
Søkjer du for første gong, får du brev med PIN-koden din når søknaden blir registrert hos oss.

Bestille ny kode?

Logg deg inn i Dine sider utan PIN-kode og bestill ny kode. Den kjem i posten, til den folkeregistrerte adressa di,  etter nokre dagar. Har du meldt frå om at du vil ha posten frå oss til ei anna adresse, går den dit.

Obs! Ikkje bestill ny kode medan du ventar på den første du bestilte. Då vil den som er på veg, bli gjort ugyldig, og du må vente endå lenger.

Vanskeleg å hugse koden?

Du kan endre koden til ein som er lettare å hugse. Logg deg inn i Dine sider med den koden du har no, og byt kode.

Nye nettenester krev kode

Lånekassen vil i tida framover komme med nye tenester på nettet, og du får berre tilgang til personleg informasjon dersom du har kode.