Fonetikk og lingvistikk: fagpresentasjonar i SMIL-format
Innhald
Ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudier har vi laga 12 videopresentasjonar som skal vera smakebitar på ulike lingvistiske og fonetiske fagfelt. Videoane blir presentert av ulike fagfolk, og er om lag fem minuttar lange. Ulike grafiske og lydlege verkemiddel blir kombinert i presentasjonane. Alle videoane har same visuelle utforming, med eit todelt vindauge der vi ser ein presentatør i den venstre delen medan tekst og annan grafisk informasjon kjem opp i den høgre delen av vindauget.
Presentasjonar
Teknisk
SMIL (Synchronized Multimedia Integration Language) er eit HTML-liknande dokumentformat berekna på integrasjon og synkronisering av ulike medier som lyd, video, bilete, tekst, osb. Desse presentasjonane er implementerte for RealNetworks sin RealServer/Helix-plattform på Linux, og kan spelast av med (f.eks. gratisversjonen av) RealPlayer eller RealOne på Windows-, Mac- og Linux-maskiner. Avspelingskvaliteten er grei med linjehastigheit ned til ISDN.
Lenke til RealNetworks (For gratisversjon av spelaren: sjå etter "Free RealOne Player")