Søknad om utsetting av søknadsfrist for mva-kompensasjon
Publisert:
Dersom ein søkjarorganisasjon ikkje har sjanse til å få ferdig alle vedlegg til søknad om mva-kompensasjon innan søknadsfristen 1. juni 2007, ber Lotteritilsynet om at søknad likevel blir sendt innan fristen, men med medfølgjande orientering om når dei manglande vedlegg vil bli ettersende. Slik ettersending må skje så raskt som mogleg etter fristen.
To millionar kroner ekstra til automat-kontroll
Publisert:
Regjeringa har løyvt to millionar kroner ekstra til arbeidet med å kontrollere at dagens gevinstautomatar etter 1. juli i år er ute av marknaden. Det opplyste kultur- og kyrkjeminister Trond Giske då han tysdag presenterte regjeringa sin pengespelpolitikk i tida framover.
Norsk Bingo AS kan ikkje erstatte gevinstautomatane
Publisert:
Lotteritilsynet har i det siste motteke ei rekkje spørsmål frå foreiningar, lokalinnehavarar og andre aktørar i lotteribransjen om marknadsføring og sal av Norsk Bingo AS sine produkt og tenester.
Vellukka Stiftelseskonferanse i Førde
Publisert:

Stiftelseskonferansen 2007 vart arrangert på Sunnfjord Hotell i
Førde 8. og 9. mai med tilsaman ca. 150 deltakarar.
Sjå programmet for konferansen med lenker til
presentasjonane for nokre av foredraga nedanfor.