Varslet vert laga av eit program som først
reknar ut posisjonen til måne og sol i starten av
dagen som er valt (astronomiske argument).
Så hentar programmet dei harmoniske konstantane
for stasjonen frå eit datalager. Dei harmoniske
konstantane er amplitude og fase i Fourierrekka
for tidevatnet og er funne anten ved målingar
eller ved modellsimuleringar. Fourierrekka
vert summert saman, her med 6 ledd, og resultatet,
havnivået som funksjon av tida, vert tegna opp.
Meir om dette på denne
nettsida.
Animasjon av tidevatnet i Norskehavet:
|
Mørk blå farge er lågvatn og lys blå farge er høgvatn. Bølgja kjem
inn i Norskehavet frå Atlanterhavet nord om Skottland. Den breier
seg nordaust over mot kysten av Vestlandet og vidare nordetter
norskekysten og inn i Polhavet og Barentshavet.
|
|
|