Virvlar påverka av topografi

English speaking visitors: foo


Dette prosjektet er ein del av Dr.graden til Halvard Moe. Føremålet er å forstå noko av den komplekse vekselverknaden mellom virvlar og topografi som vi ser utanfor kysten av Noreg.

Likningane vi bruker er dei "primitive" likningane i eitt eller to lag. Vi simulerer kva som skjer når ein dipol virvel nærmar seg eit steg i botntopografien. Som initialtilstand tek me ein Lamb dipol. Denne virvelen vil når vi har med Coriolis krafta røre seg langs ei rett linje når me har flat botn. Når me tek med ei hindring i botn topogrfien vert rørsla endra. Dette kan kvalitativt forståast ved å sjå på likninga for potensiell energi, men for å undersøkje detaljane må me gå meir grundig til verks.

Me har gjort både numeriske og eksprimentelle simuleringar i tilfellet barotropisk væske. Kvalitativt ser vi det same. Eksperimenta vart utførde i Eindhoven, i Nederland, medan eg vitja Vortex Dynamics Group. I tilfellet lagdelt væske har vi berre numersike simuleringar å stø oss på.

Barotropisk tilfelle

(For å sjå ein "film", må du klikke på det aktuelle biletet.)

Virvling Straum og virvling
foo

Lagdelt tilfelle

Prosjektet er finansiert av Det Norske forskingsrådet(NFR) og simuleringane er søtta gjennom ei tildeling av køyretid på tungrekneanlegget.

Laga av: <Halvard Moe> halvardm@math.uio.no