Instituttrådet ved HELED
Alle grunneingar ved Det medisinske fakultet skal oppretta instituttråd. Instituttrådet har ikkje noko sjølvstendig rolle som beslutningsorgan, men skal støtta instituttleiar. Instituttrådet skal uttala seg i saker som ellers ville ha vore gjenstand for vedtak i eit styre, dvs. langtidsplan, årsplan og budsjett, intern organisering, samt rekneskap og årsrapport. Instituttrådet kan drøfta saker som instituttleiar eller andre medlemmer ynskjer å ta opp.
Fakultetsstyret har vedtatt fylgande retningsgjevande råme for samansetninga av instituttråd:
- Det vitskaplege personalet skal ha minst 50 % av medlemmene
- Studentane kan krevja inntil 25 % av medlemmene
- Teknisk-administrativt personale kan krevje inntil 25 % av medlemmene.
Instiuttrådet ved Institutt for helseledelse og helseøkonomi har f.t. fylgande medlemmer:
- Ole Berg, Professor (representant for dei vitskaplege tilsette)
- Tor Iversen, Professor (representant for dei vitskaplege tilsette)
- Margery Ann Sitkin, Studiekonsulent (representant for dei administrativt tilsette)
- Gunnhild Hagen, IMA student (studentrepresentant)
- Benedicte Maria Kivle, Stipendiat (fast observatør på vegne av dei åremåltilsette, med tale og forslagsrett)
- Jan Halvor Undlien, Administrasjonsleiar (sekretær)
Eining: Helseledelse, admtekn-ansatte@heled.uio.no
Dokument oppretta: 08.05.2007, endra: 08.05.2007Administrer dette dokumentet