Studentrapport - tips for deg som skal
ut !
Queen`s University of Belfast, Nord-Irland
Student: Amund.Formo, V-98
Email: Amund.Formo@studmed.uio.no
Sted: Queen`s University of Belfast, NI ( Royal Victoria Hospital/Belfast
City Hospital)
Semester: 9.semester, vår 02, 4. året for studentane
der (5 års studium)
Semesterstart: 25. feb.
Semesterslutt: 28.juni, to veker påskeferie.
Eksamen:
Obst./gyn.: Praktisk eks. i underlivs us. og palp. av gravide, multiple
choice, og OSCE( 6 stasjonar a fem min. fem skriftlege, ein interaktiv). Samla
poengsum, ikkje alt for vanskeleg å passere.
Pediatri: Halvtimes muntleg som vi er vant med, multiple choice og
slides som vi måtte svare skriftleg på spørsmål i forb.
med. I tillegg innlev. av oppgave som blir vurdert.
Studieopplegg:
I det heile tatt meir intensivt sidan sem. er delt inn i to blokker a to mnd.
med separat eksamen på slutten av kvar. Hadde fyrst obst. gyn. Mykje meir
klinisk, mindre organisert og meir opp til ein sjølv på godt og
vondt. Gruppe på åtte på kvart sjukehus. Roteringsliste der
ein varierer mellom fødestue, poliklinikk, op. sal osv . i løpet
av veka. Undervisning midt på dagen og ettermiddagen av legar på
avd. Det viste seg å vera dårleg oppmøte av dei som skulle
ha und. Lite fellesundervisning med heile kullet og alt i alt måtte du
tilegne deg mesteparten av teorien sjølv. Det vil seie at for ein som
er vant med studieopplegget her der ein får med seg det meste ved å
vera tilsytades gjennom semesteret vart det ein del stormlesing på slutten.
I pediatri var vi og åtte stykke på kvart sjukehus. Tanken var bra at vi skulle følgje ei avd. i to månader og bli ein del av staben. Det fungerte nok ikkje like bra i praksis. Det var vanskeleg å veta kva som eigentleg var forventa av oss og når vi skulle vera der. Ein fekk oppfatninga av at ein skulle vera der så mykje som mogleg og gjera så mykje som mogleg. Mykje å gjera da vi og måtte levere inn ei oppgave og ha ein presentasjon saman med sjukepleiarar.
Alt i alt var studieopplegget kjelde til ein del frustrasjon. Vi er vant med frå her at alt er velorganisert. Her var det mykje meir opp til ein sjølv. Spesielt var pediatridelen intensiv. Men alt i alt er det ingenting å frykte, ein kjem seg alltids i gjennom og ein viss frustrasjon med studieopplegget blir veia opp av alle dei andre positive sidene ved utveksling. Vi (dvs. gutane måtte gå i slips og skjorte).
Kull- /gruppestørrelse:
Kullet var delt opp i grupper på ca. 50 som hadde forskjellige "attachments"
til forskjellig tid. Denne gruppa var så inndelt i mindre grupper på
ca. åtte som var på sjukehus rundt om i NI. Ein del felles forelesninger
med heile gruppa.
Oppfølging fra lokale studieveiledere etc.:
Ikkje så mykje, mest fordi det ikkje var behov. Kunne alltids kontaktast
dersom vi trengde det.
Språk:Engelsk
Bolig:
Fekk tilbod om studentbolig med søknaden. Ordna med midlertidig studentbolig
ei veke. Dette viste seg å vera lurt da studentboligane var mest for fyrsteårsstudentar
(18 år). Det var ikkje noko problem å ordne privat etter at vi kom
dit, mange oppslag på univ., i butikkar og i avisa. Budde i lag med tre
irar og betalte ca. 2000. Veldig sosialt og bra. Området rundt universitetet
er det beste (Stranmillis, Lisburn Road).
Sosiale forhold:
Veldig bra sosialt, lett å bli kjent med folk på kullet og irar
og nordirar spesielt. Belfast er kanskje ikkje den mest spennande byen, men
interessant å få litt meir insikt i konflikta. Stort sett roleg
da vi var der og merka ingenting til konflikta der eg budde, men det er stadar
ein absolutt ikkje skal gå aleine på kveldstid.
Fritid:
Bra treningsmoglegheiter på universitetet. Vart ein god del festing ja.
Diverse / tips til andre som reiser dit:
Rådar folk folk til ikkje å reise heim i påska, men heller
reise rundt i Irland. På slutten er det ganske intensivt så det
vart begrensa med helger ein kunne reise rundt. Hadde besøk frå
heime i påska, leigde bil og reiste rundt i Irland. Veldig bra, spesielt
vestkysten (Aran Islands). Var og nokre turar i Dublin og eit par turar til
Skottland. Alt i alt vil eg anbefale opphaldet. Ein får med seg svært
mykje i tillegg til skulen. Så får ein heller leve med litt frustrasjon
over studieopplegget.