Forsiden Aktuelt Spesialstyrker Pårørende Historie Ledige stillinger Attacheer Observatører
 
Forsvarsnett : Internasjonale operasjoner :

Innhold


Fellesoperativt hovedkvarter
Postboks 8085
4068 Stavanger


 



Hilde Lindboe, 2007-02-28


Øzges år i Afghanistan

Øzge Ønal (26) kom nyleg heim til Noreg etter eit heilt år i Afghanistan. Den kvinnelege løytnanten vil gjerne utanlands igjen. Ho meiner internasjonal teneste er både spanande og lærerikt, også for jenter.

Av Hilde Lindboe, Forsvarets kompetansesenter KKIS

Foto: Forsvaret
KOLLEGER: Øzge saman med arbeidskolleger etter ein tur i Sisu (panservogn).

– Før eg reiste var eg nok litt nervøs. Eg visste ikkje heilt kva som venta meg, men var klar over at det var eit krigsherja land me skulle arbeida i, fortel ho.

Øzge Ønal, som til dagleg arbeidar i den operative sambandsavdelinga CIS TG (Communication Information System Task Group) på Jørstadmoen, har tilbrakt det siste året på jobb for Forsvaret i Afghanistan. Fyrst som teknikar på flyplassen i Kabul, deretter i Meymaneh som del av eit såkalla Provincial Reconstruction Team (PRT).

Kjende seg trygg
Øzge hadde ikkje delteke i internasjonale operasjonar tidlegare og vedgår at møtet med Afghanistan var ein skarp kontrast til fredelege Noreg. Ho ser likevel på det som ei lærerik erfaring og føler oppdraget har gått veldig bra.
– Eg var aldri redd for at det skulle skje oss noko. Eg arbeidde mykje inne i leiren og området var sikkert og godt vakta, seier ho.

Foto: Forsvaret
SPESIELT MØTE: Øzge besøker eit kvinnefengsel i Meymaneh.

Tett på
Då var det ei mykje større utfordring å leva så tett innpå kvarandre og i tillegg vera arbeidskameratar, synest ho.
– Det blei svært lite tid åleine, og me budde tett. Det er litt rart å vera heime på Lillehammer att, eg veit mest ikkje kva eg skal finne på etter at klokka er halv fire, ler Øzge.

– I Afghanistan arbeidde me stort sett så lenge me var vakne, og det var alltid nokon å prate med. Utanlandsteneste skaper eit veldig godt samhald, og det er kjekt å bli kjent med nye og spanande menneske, fortel ho.

Alltid med menn
Som ei av få norske kvinner i internasjonal teneste i Afghanistan opplevde Øzge kulturskilnader på godt og vondt.
– Det er mange som spør meg korleis det kjendest å vera kvinne i uniform der nede. Det er ikkje lett å gi noko svar, men det er klart ein legg merke til at menneska i Afghanistan har eit anna kvinnesyn enn oss. Kvinner kan for eksempel ikkje gå åleine på gata utan å ha med seg ein mann. Slik var det for meg også, eg måtte alltid ha med meg ein mannleg kollega om eg skulle ut av leiren, forklarar Øzge.

Ho slår fast at mange nok kan bli opprørde over slike haldningar, men som ho seier:
– Vi er ikkje i Afghanistan for å provosera eller freiste å endre kulturen. Vår oppgåve er å gi innbyggjarane betre levekår.

Øzge understrekar at Forsvaret også bidreg innen andre område enn berre det militære.
– Forsvaret driv blant anna sjukehus og bidreg til utdanning og hjelp. Men det er eit utrygt område, og det er ikkje mogleg å sende ned eit hjelpeapparat utan at nokon er til stades for å sikra dei som skal arbeide, påpeiker ho.

Undra seg over kvinneleg soldat
Innimellom alt arbeidet vart det også tid til nokre turar rundt i området. Blant anna fekk Øzge vera med på besøk i ein liten landsby utanfor Meymaneh. Der hadde dei aldri sett ei kvinne i uniform før og syntes nok det var litt rart.
– Eg vart spurt om eg var gift eller i familie med ein av de andre mennene eg arbeidde med, fortel Øzge og trekk litt på smilebandet.

Gjer den same jobben
For lokalbefolkninga var det nok utenkeleg at ei jente kunne jobbe slik utan å ha ein bror, far eller ektemann med seg. For Øzge, derimot, er det heilt naturleg. Ho legg vekt på at det er viktig at også kvinner deltek i internasjonal teneste, men føler ikkje at det er stor skilnad på kvinner og menn i si eiga avdeling.
– Eg trur det er positivt for miljøet og når det gjeld menneska me treff ute at fleire kvinner søker seg til Forsvaret og internasjonal teneste. Men menn og kvinner gjer den same jobben og bidreg like mykje, slår ho bestemt fast.

Foto: Forsvaret.
TEKNISK ARBEID: Øzge sjekkar øydelagt sambandsutstyr i ein vraka bil.

Mange moglegheiter
At jenter no får tilbod om friviljug sesjon, trur ho er bra. Kristiansandsjenta, som no skal ta til i jobb som systemingeniør på kommandoplass for CIS TG på Jørstadmoen, meiner det er mange spennande moglegheiter i Forsvaret.
– Eg har til dømes ikkje ingeniørbakgrunn, men etterutdanning og kurs har gitt meg sjansen til å jobbe i CIS TG. Opplevingane i Afghanistan er også ei erfaring eg ikkje ville vore forutan, konkluderer Øzge.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.