
|
Fleire vil bli flygarar
Søknadstala for i år har gått opp ved utdanninga for flygarar og navigatørar, i høve til fjoråret.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
AUKE: Talet på søknadar til flygar- og navigatørutdanninga i Forsvaret auar i høve til i fjor. Foto: NORDETMAN
Tala som ein hadde klare torsdag, viste at dei 250 søknadane frå i fjor vil verte ganske få i høve til i år. Torsdag var det nemleg 361 registrerte søknadar inne, og ein reknar med det kjem fleire.
Opptaket vil gå i to fasar, og etter desse vil det vere normalt opptak til befalsskule i juli, for dei aktuelle kandidatane. Dei som allereie har befalsutdanning vil kunne gå direkte til opptak til flyskulen etter opptaksfasane.
Ved Luftforsvarets seleksjonssenter (LSES) kan ein opplyse at det vil verte eit regionalt opptak før jul, og eit sentralt opptak over seks veker etter jul. Her vil ein køyre både medisinske, psykologiske og faglege testar, for å finne ut kven som er kvalifiserte for flygar- og navigatørutdanninga ved Luftforsvaret sin flygeskule.
F16: I løpet av vinteren skal det bestemmast kven som får plass på flygar- og navigatørutdanninga i 2004. Foto: Bodø hovedflystasjon
|

|