Forsiden Fakta Pressesenter Skredvarsel Artikkelarkiv Publikumskontakt
 
Forsvarsnett : Øvelser : Cold Response 2007 :

Innhold


Lokal øvingsledelse
Bardufoss flystasjon
Tlf. 77 89 97 99
 



CR Cold response, 2007-03-10


Ståhls menn vil i strid

Óg våre gode naboer i aust tek del i øvinga Cold Reponse. No ser oberstløytnant Magnus Ståhl og karane hans fram til å rykke framover i meir offensive operasjonar.

Av Frank Rosvoll og Knut Grandhagen (foto), pressesenteret Cold Response 07


JÄGARNA: Einskilde i den svenske innsatsstyrken har dratt heilt frå Østersjøkysten, for å vere med på øvinga.

Ståhl er sjef for for Lapplandsjägarna - noko som tilsvarar distriktssjef i Noreg. Vi treff den svenske offiseren med det treffende etternamnet i skogen ein stad i Målselv.

- Karane er sugne på at det skal skje noko, seier Ståhl.

Karane han snakker om er soldatar i Hämvernet, det svenske HV. Under Cold Response er dei ein del av HV-18 - og underlagt innsatsstyrken Delfin. Meir presist er dei vel 40 svenskane tildelt oppgåva å vere QRF (snøgg reaksjonsstyrke) for innsatsstyrken.

Langveis frå

STÅHL: Oberstløytnanten som leiar Lapplandsjägarna bur seg på strid.

- Grovt skissert er det tre moment vi får trent på ved å ta del i øvinga. Vi får samla styrken og deployerar. Vi deployerar langt. Folk her i leiren kjem frå plassar som Kalix, Kiruna og Happaranda. Dernest er det samverke med våre norske kolleger. Til slutt skal vi kome oss heim igjen, eller re-deployere om du vil, oppsumerar oberstløytnanten.

Til Noreg kom dei på onsdag. Svenskene er godt forspent med avdelingsvåpen. Hvert lag, kvart på åtte mann, har eit maskingevær og 84 mm rekylfri kanon. I tillegg er dei utrusta med automatriflar, type AK4. AK4 er ein svensk versjon av AG3, der raupunktsikte er standard. Troppen er satt opp med fem beltevagnar, slik at det er ein styrke som er i stand til å ta seg fram der vegen sluttar.

- Det er meininga at vi skal rykke fram mot Skjold i hælane på den norske 2. bataljonen. Vi ser sjølvsagt fram til at det skal ta til, seier oberstløytnant Ståhl.

Stort ansvarsområde
Kaptein Ulrik Falck fortel at troppen er plukka ut av det sokalla innsatskompaniet, på omlag 100 mann. Det heimlege ansvarsområdet i Sverige er ikkje nett lite.

- G&& er omlag 40 x 20 mil stort. Det er jo litt det, seier han med eit kraftig understatement.

Falck seier det ikkje er første gong dei er i kontakt med det norske HV. Så seint som i 2005 samarbeida dei med HV-18 i ”Barents rescue”, og gjennom ulike treff og konkurransar har dei knytta kontakter med nordmennene. I Noreg har HV gått gjennom ei storstilt omstilling, og er tilført moderne utstyr. Falck seier at han det lyd kjent.


STADIG KVASSARE: Det svenske Hämvernet er i ferd med å omstillast i same retning som sin norske systerorganisasjon.

- Dei har nok kome lengre i Noreg, men utviklinga er den same i Sverige. Hämvernet blir kvassara og vi er lova ein del nytt utstyr, seier kaptein Falck.

Under kamuflasjenettet har svenskane samla seg for ein kopp kaffe, medan dei myser mot den kraftige vårsola. Dei har kome langveis frå, men ikkje for å nyte godveret. Eit skot langt unna bryt stilla i skogen. Kan hende det blir mindre tid til kaffekos om ikkje lenge.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.