
|
I Marinen sine lesarar har talt
Den siste månaden har Forsvarets mediesenter gjennomført lesarundersøking for I Marinen. Ansvarleg redaktør Gunnar Vetlejord er positivt overraska over resultata.

| | SATSAR VIDARE: Gunnar Vetlejord og Katrine Gramshaug vil bruke resultata frå undersøkinga til å gjera bladet endå betre. |
Tekst og foto: Vidar Hope
Marknadsavdelinga i Forsvarets mediesenter (FMS) har dei siste vekene ringt opp I Marinen-lesarar for å høyre om korleis dei oppfattar magasinet.
- Dette har vore eit morosamt oppdrag med overraskande positive tilbakemeldingar. Vi kan konkludera med at bladet blir godt brukt og lest, og det i mykje større grad enn det vi kunne førestilla oss, fortel orlogskaptein Michael Bruteig i FMS.
Stadig nye abonnentar
Gunnar Vetlejord og redaksjonen kunne i januar jubla etter eitt år med det ferske bladet. No konstaterar han at lesarane framleis er med, for analysen viser at heile 70 prosent av lesarane faktisk les grundig gjennom magasinet, i motsetting meiner berre éin prosent at dei har lita eller inga utbytte av bladet.
- Eg hadde ikkje trudd at det skulle treffe så godt, men eg har jo fått ei viss føling for at magasinet blir sett pris på etter halvanna år. Det hender nesten dagleg at eg får førespurnadar frå folk som ynskjer å abonnere, seier han.

| | KLAR: Ei ny, fersk utgåve av I Marinen er i desse dager på god veg til postkassen. Du kan også laste ned bladet på nett. |
Og at 70 prosent les grundig gjennom bladet, og i tillegg 26,5 prosent samlar på det, er god musikk i redaktøren sine øyre.
- Det er jo imponerande høge tal, spesielt med tanke på at dette er eit bedriftsblad. Sjølv ikkje vekeblada kjem opp i slik score. Det kan jo tyde på at lesarane brukar dette som godt oppslagsverk om det som skjer i Sjøforsvaret, seier han.
Vetlejord meiner at dette kan samanliknast med lokalaviseffekten, at det som står i bladet vedkjem alle lesarane.
- Omtrent alle les I Marinen. Vi må ta vare på dette. I tillegg var det ein god nyhende at lesarane er nøgd med måten vi distribuerar bladet på. Meir enn halvparten ynskjer å få bladet tilsendt som i dag. I tillegg registrerar vi at folk ha hyppigare utgivnadar av bladet.
Har lesarar på lån
Gjennom undersøkinga kjem det også fram at 41 prosent av dei spurde sine familiar finn interesse for I Marinen. Dette ser Vetlejord på som svært viktig.
- Familiane bryr seg om arbeidsplassane til dei som har teneste i Sjøforsvaret. Og så må vi hugse på at vi har mange lesarar på lån i form av vernepliktige som er inne i tolv månader. Deira pårørande bryr seg om kva Sjøforsvaret gjer med borna, og det at vi valde å bruke ressursar på å sende bladet heim til desse, har gjort at vi har fått fleire gode ambassadørar for Sjøforsvaret, Målet er at dette talet skal bli endå høgare, slår han fast.
FMS stilte også spørsmål om det er tema som I Marinen lyt satse meir på. Lesarane svarte alt frå meir fokus på internasjonale oppdrag, materiellprosjekt, omstilling, tryggleik, portrett og utdanning til konkurransar og aktivitetar. Vetlejord meiner at bladet følgjer opp fleire av desse førespurnadane allereie.
- Langt på veg er dette våre prioriteringar. Vi fortel mykje om desse tema både i bladet og på Sjøforsvaret sine nettsider. Vi er jo i ein marine som er under utvikling og fleire nye fartøy er under produksjon. Dette følgjer vi opp, seier han.
Flesteparten av dei som ynskjer å ha fleire konkurransar i bladet var vernepliktige. Dette tek Vetlejord på alvor.
- Det er spesielt viktig å gå nærare inn på dette sidan ein stor og viktig del av lesargruppa er mellom 19 og 25 år, forklarar han. - Vi skal fortsette på den vegen vi er med justeringar undervegs, held han fram.
Utskriven meining Ingolf Nistad, ein av 660 respondentar i lesarundersøkinga, er ivrig lesar av I Marinen, men saknar meir stoff om dei vernepliktige.
- I Marinen er eit godt magasin med relevante artiklar, men eg meiner det står for lite om oss som er inne til førstegongstenesta, seier han.
Vetlejord må innrømme at dette er ei utfordring for magasinet.
- Vi har prøvd å få til eit samarbeid med dei vernepliktige og ikkje minst tillitsmannsapparatet gjennom fleire år - både for I Marinen og dei magasinene vi har utgitt før det. Det er ingenting som ville gleda oss meir enn om vi fekk breiare dekning om førstegongstenesta i bladet og vi oppfordrar dei vernepliktige om å ta kontakt med oss og gi oss tips, seier han .
- Det kjem også fram at lesarane ikkje ser på I Marinen som eit blad som tek opp aktuelle nyhende og følgjer med i tida. Kva tenkjer du om det?
- I Marinen er eit magasin som kjem ut maks ein gong i månaden. Vi har valt å følgje opp nyhende på nettsidene våre og satse meir på anna stoff i bladet, er Vetlejord sitt svar.
TIPS I MARINEN
Har du tips til kva for tema I Marinen bør skrive meir om, eller andre saker som kan gjera magasinet betre? Skriv til redaksjonen@marinen.no.
Du kan lese heile analysen og siste utgåve av bladet ved å klikke lenka på høgre side.
|

|