Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2005-07-20


Jegerane går utanriks

HAAKONSVERN: Marinejegerane og kystjegerane vert Sjøforsvaret sitt bidrag i Nato-oppdrag til hausten, medan marinefartøya blir att på beredskap heime i Norge.

Foto: Klaus Johansen, KJK
DEBUTERAR: Kystjegerkommandoen skal vera med i sin første internasjonale operasjon til hausten. (Arkiv: Klaus Johansen, KJK)

Av Vidar Hope

- Marinejegerkommandoen og eitt lag frå Kystjegerkommandoen (KJK) skal deployerast til Afghanistan hausten og vinteren 2005, stadfestar avtroppande sjef for Kysteskadren, Trond Grytting. Dette blir dermed KJK sin første operative deployering nokon gong.

Vert operative i august
- Kystjegerane skal støtte Hæren sin artilleribataljon med seks menn i ein periode på tre månader. KJK skal rullera med nye bidrag i ein periode på to til tre år, opplyser sjefen for Kyststridsflotiljen, kommandørkaptein Tom Thormodsen. I august vil generalinspektør Jan Eirik Finseth erklæra kommandoen for operativ.

Gjennom våren har Norge delteke med fleire maritime einingar i Nato-oppdrag. Fregatten KNM Trondheim og undervassbåten KNM Utstein har operert i Middelhavet, medan minesveipfartøyet KNM Alta og minekommandofartøyet KNM Vidar har patruljert i Nato sin ståande mineryddarstyrke i Nord-Europa. Totalt utgjer dette ein mannskap på 246 personar med norsk flagg på brystet. Den store deltakinga i vår gjer at Sjøforsvaret vel å ta ein Nato-pause på fartøysida det komande halvåret. Økonomi er eitt av stikkorda.

MTB-ar på beredskap
- Normalt sett ville vi deployert med eit mineryddingsfartøy, men ressursspørsmål som tilgjengelege fartøy, besetningar og økonomi gjer at vi tek denne pausen, seier Grytting.
Sjølv om fartøya blir heime i eige farvatn er det fleire einingar som er meld inn i Nato sitt styrkeregister. Ein av dei er 21. MTB-skvadron med sine fire fartøy og logistikkstøtte som står på beredskapsplanen frå 1. september til 31. januar. Deltakinga der er førebels sett på hald og til hausten skal skvadronen liggje i Norge på beredskap.
- Dersom operasjonen vert sett i verk vil dei deployera til Spania som tilfellet var i 2003, fortel kontreadmiral Arild Sandbekk, kommandør for sjøstridskreftene.

Foto: Stian Solum/FMS
COMEBACK? 21. MTB-skvadron står i beredskap for operasjon Active Endeavour som dei gjorde i 2003. (Arkivfoto: Stian Solum, Forsvarets mediesenter)

I 2003 deltok Sjøforsvaret i eskorte- og patruljeringsoppdrag i Gibraltarstredet med den same skvadronen. I følgje MTB-kommandoen skal dei vera budd på å segle ut på kort varsel.
- Vi er spent klar og held for tida eit høgt operativt nivå. Skvadronen er klarert og vi har planar som kan settast i verk ved behov, lovar kommandørkaptein Helge M. Tonning som er sjef for MTB-kommandoen.

Er stolt over utbytet
Minekrigsvåpenet er den avdelinga som har hatt mest aktivitet det siste året med to fartøy internasjonalt kontinuerleg. 12. mai var den norske styrkesjefen Per Kartvedt i Den Helder i Nederland for å hale kommando for Nato sin ståande mineryddarstyrke, SNMCMG 1.
- Når eg ser tilbake er eg stolt over det vi har klart å oppnå i styrken i løpet av den tida Norge hadde kommando. Det har vore eit travelt år der styrken har øva og trena intensivt og der hovudutfordringa har vore å få maks ut av maritime minekrigsoperasjonar, fortel han.

Grytting tykkjer at Sjøforsvaret har tilført Nato unike kapasitetar gjennom våren og meiner at mannskapa bør vera stolte av eigen innsats.
- Bidraga vi har hatt i Nato-oppdrag og i operasjon Active Endeavour er bra. Einingane har løyst oppdraga på ein framragande måte og tilført alliansen noko unikt i høve konseptutvikling, taktikk og yting. Og vi ser igjen at einingane bringer heim verdifull kompetanse, fortel den påtroppande kontreadmiralen og sjefen for Landsdelskommando Nord-Norge.

Grytting held fram med at Norge har dei klart beste minesveiparane i alliansen.
- Dette har vi demonstrert under trening og testar og nok ein gong stadfestar minevåpenet sin standard då vi deltok i operasjonar i Baltikum med tre minejaktfartøy i mai. Der fekk vi demonstrert kompetanse og utstyr på høgt nivå, seier han.

I følgje Grytting skal den økonomiske gevinsten med å halde tilbake ein mineryddar vera av mindre karakter. Han understrekar likevel at heile flåten må gjennom ein rolegare periode dette året.
- Heile programmet for 2005 har vore sett under ekstrem vurdering i høve til kostnadar og økonomi. Hausten 2005 vil ha lågare aktivitet enn våren. Dette er nøysamt planlagt i forhold til eit stramt budsjett som er mindre enn det som blei anbefalt frå mi side. Men vi må forhalde oss til dei budsjettrammene som har blitt gitt, seier han.

Mogleg øving i Afrika
Han legg også til at nokre av einingane mot slutten av året vil oppleve at dei ikkje har segla spesielt mykje dette året.
- Somme har kanskje fått inntrykk av at aktiviteten er høg, men dette biletet er nyansert. Vi køyrer eit knallhardt budsjett og vi opererar flåten slik som vi meiner er best sett i forhold til føringar og midlar, understrekar han.

Sjøforsvaret plar normalt deployere éin undervassbåt og éin fregatt årleg i internasjonale operasjonar. No er begge desse unnagjort for dette året. Grytting minnar likevel om at Sjøforsvaret vil delta som vanleg på øving med allierte.
- Kystjegerkommandoen er blitt invitert til å øve saman med britiske og nederlandske styrkar i Senegal til hausten. I tillegg skal vi vera med på fleire andre øvingar gjennom hausten, seier han.

MELD INN TIL NATO HAUSTEN 2005
Nato Response Force 5
- Eitt mineryddarfartøy
- Eitt minedykkarteam på ti personar
- Éin undervassbåt
- NCAGS (tilrettelegging for sivil skipsfart)

Operasjon Active Endeavour
- Ein MTB-skvadron på fire fartøy, samt logistikkstøtte

Operasjonar i Afghanistan
- Kystjegerkommandoen og Marinejegerkommandoen

DELTOK VÅREN 2005
Nato Response Force 4
- Minesveipfartøyet KNM Alta
- Kommandofartøyet KNM Vidar

Standing Nato Reponse Force Maritime Group 1
- Fregatten KNM Trondheim

Operasjon Active Endeavour
- Undervassbåten KNM Utstein
- Fregatten KNM Trondheim




 

Relaterte artikler



Fortsetter engasjementet ute 2005-07-21