Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2005-12-12


Fekk sjantihjelp av kadettane

BERGEN: Han har lært opp hundrevis av kadettar i sjanti. Laurdag var det sjantisjefen sjølv som skulle få hjelp. Med 54 kadettar i skutemastene song ”Statsraad Lehmkuhl” seg til kai i Bergen.

Foto: Vidar Hope
FEKK HJELP: Storm Weather Shanty Choir fekk hjelp av kadettane i mastene då "Statsraad Lehmkuhl" klappa til kai laurdag.

Tekst og foto: Vidar Hope

I tillegg til å vera skipssersjant i den sivile besetninga på ”Statsraad Lehmkuhl” har Haakon Steinar Vatle mastergrad i sjanti. Laurdag kom seglskuta attende til Bergen etter elleve veker i Atlanterhavet med militært leiarskap i siktet. Dei 54 kadettane om bord er berre ein liten del av alle dei Valte har lært opp i sjanti når han har hatt Sjøforsvaret med seg på tokt. Laurdag var det kadettane sjølve som skulle hjelpe sjantisjefen, som hadde med seg fullt mannskap frå Storm Weather Shanty Choir om bord.

Skal motivere
- Det var god trøkk i kadettane. Dei gjorde ein kjempejobb og det fenga godt, skryt Vatle. Bakgrunnen er at Storm Weather Shanty Choir laurdag slepte laus sitt tredje album. Koret fekk difor lov til å vera med på innseglinga inn Vågen i Bergen mens dei song for full hals, godt støtta av kadettane.
- Det var utruleg gøy at vi fekk lov til å vera med og ekstra kjekt for dei andre i koret som ikkje har vore med på dette før, seier sjantisjefen.

Andreas Kristiansen er ein av kadettane som har vore på langtokt. Han hadde ikkje noko i mot å sjå kjærasten stå og vinke på kaien etter månader til sjøs. At sjantien har vore ein motivasjon på havet er han ikkje i tvil om.
- Det mest spesielle med sjantien har vore dei gongane då vi har segla inn i hamner og vi har stått i mastene og sunge. Sjantien gjev god stemning om bord og er motiverande og samlande. Gode arbeidssongar gjer at jobben går lettare, meiner han.

Foto: Vidar Hope
FULL TRØKK: Det er god stemning om bord når Haakon Steinar Vatle (til venstre) fyrer laus med sjanti. Her frå fjorårets tokt til Brasil. Foto: Vidar Hope

- Ikkje undervurder sjantien
At sjantien motiverar kan Vatle, som har forska på den bortgløymde tradisjonen, skrive under på. Sjølv om kadettane gjerne lyttar til heilt andre musikksjangrar, har sjantien stor respekt om bord.
- Det fengar utruleg bra blant kadettane. Sjantien og arbeidssongane høyrde til seglskutene og ein skal ikkje undervurdera viktigskapen av songane. Det bidrar til lagbygging og er viktig for trivselen. Ting går lettare når ein syng sjanti, meiner han bestemt.

Sjøkrigsskulekadettane har leiarskap i fokus når dei er på hausttokt med ”Statsraad Lehmkuhl”. Samstundes som skuta var på atlanterhavstokt, var Sjøforsvaret sine befalselevar godt innlosjert på søsterskipet ”Christian Radich”. Også der er sjantien ei viktig del av livet om bord.
- Dei har jo leiarskap og teambuilding som viktige punkt når dei seglar. Sjantien spelar ei stor rolle i akkurat dette. Eg er overbevist om at både kadettane og befalselevane vil ta med seg sjantien vidare når dei skal ut i teneste. Det hender eg får telefonar frå kadettar som har vore med tidlegare som spør etter sjantitekstar, fortel Vatle.

Oppleving for livet
Kadett Kristiansen kunne gjerne vore lenger om bord på seglskuta. Han har likevel ikkje noko i mot å hoppe i land no. Sidan 26. september har ei hengekøye på banjeren vore det nærmaste han har kome eit privatliv.
- Det har utan tvil vore ei oppleving for livet. Toktet har vore langt, spanande og ikkje minst utfordrande, og eg trur eg kunne vore lenger om bord, seier han.

Foto: Vidar Hope
ENDELEG HEIME: Etter 11 veker på tokt er det godt å sjå familien igjen.
Den siste etappen frå London til Bergen fekk dei 54 komande marineleiarane tilbod om å ta over drifta av seglskuta. Dette kom som ein tillitserklæring etter at kadettane hadde vist godt sjømannskap og vore gode leiarfigurar gjennom kryssinga av Atlanterhavet.

- Det var einstemming ja frå alle kadettane. Å ta over skuta var ein bonus for oss. Vi fordelte oss på postane om bord og måtte tenkje mykje meir kritisk gjennom ting enn det vi hadde gjort tidlegare. Det var eit stort, men lærerikt ansvar, seier Kristiansen.

Gode tilbakemeldingar
På sidelinja sat vegleiarar, lærarar og den sivile besetninga som tilskodarar, men i beredskap til å ta over skuta igjen dersom noko gjekk gale. Det gjorde det ikkje, og laurdag var skuta på plass i Vågen i Bergen. For sjantisjef Vatle og resten av det seksmann store koret var det ein ekstra stor dag.

- Vi hadde plateslepp på den nye plata vår Let Us Be Jolly and Drown Melancholy kort tid etter at vi hadde klappa til kai. Mottakinga var flott og vi har fått gode tilbakemeldingar, smiler skipssersjanten som har lært opp hundrevis av kadettar i det han likar aller best – å syngje sjanti for full hals.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.