Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2005-12-13


Minedykkarane smelte til

HAFRSFJORD/HAAKONSVERN: Lagførar Wiggo Korsvik og minedykkarane hadde ein heilt vanleg dag på jobben då dei uskadeleggjorde to flybomber på 48 meters djupne.

Av Vidar Hope

Oppdraget kom frå Fellesoperativt hovudkvarter som fekk førespurnad frå politiet om å detonere bombene av typen SC-250.
- Det var ganske tilfeldig at vraket blei funne. Då Sjøkartverket skulle teste ut deira nye sonarutstyr kom dei over vraket og rapporterte vidare. Det viste seg seinare å vera eit tysk Heinkel bombefly, fortel løytnant Wiggo Korsvik.

Fastboltra bomber
Det var ein dykkar frå Flyhistorisk museum som oppdaga at vraket på botnen var ein sjeldan fangst, sannsynlegvis ein av få eksemplar som finns i dag.
Eit lag frå Minedykkerkommandoen blei sendt sørover til Hafrsfjord for å uskadeleggjera bombene, slik at ein heving av flyet kunne gå trygt for seg.
- Vi reiste nedover med KNM Tyr der vi hadde utrusta oss med trykkammer sidan det var snakk om djupdykking, forklarar Korsvik.

Foto: Minedykkerkommandoen
48 METER: Minedykkaren på bildet plasserer ein luftballong med oppdrift på 2000 tonn ved flyvraket. Heinkel-maskinen naudlanda i Hafrsfjord under andre verdskrig. Foto: MDK

Etter ein dag med rekognosering og identifisering av objektet, prøvde minedykkarane neste dag å få bombene laus frå flyvraket.
- Bombene var fastbolta til flykroppen, så utfordringa blei å få desse lause. For å heve bombene plasserte vi ein lufttrykkballong med ein oppdrift på to tusen kg rundt objektet. Den eine bomba løyste seg vekk frå flyet, men forsvann inn i mudderet på botnen, seier minedykkarlagføraren.

Flytta til grunnare farvatn
Neste dag gjorde minedykkarane eit nytt forsøk som skulle vise seg å vera meir vellukka. Då dei dykka ned til objektet igjen, fann dei bomba på den eine flyvengja. Dermed var operasjonen med å heve bombene og flytte dei til grunnare farvatn ein enkel sak. Seinare blei begge bombene sprengt på fem meters djupne.
- Vi sette på sprengladning og sprengte begge bombene samstundes, seier Korsvik.

Løytnanten trur det er fleire ukjende vrak langs norskekysten og ber folk tenkje seg om dersom dei skulle komme over noko ukjend.
- Dersom ein oppdagar eksplosivar, bør ein melde dette til politiet med ein gong. Politiet vil seinare be Forsvaret om støtte, forklarar han.

Flyhistorisk museum på Sola er svært interesserte i flyvraket som skal vera i rimeleg god stand. Heinkel-maskinen tilhøyrde Küstenfliegergruppe 906 og havarerte i Hafrsfjord som følgje av ein naudlanding i 1942. Besetniga på tre kom uskadde frå naudlandinga.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.