Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2005-12-14


Pressa seg gjennom nålauga

HAAKONSVERN: I fire månader har dei blitt strengt vurdert i kvar minste detalj. No kan løytnantane Ole Andreas Vatle-Dahl og Nils Nordstrand puste letta ut. Dei greidde det!

Foto: Håvard Hanasand
KOM I MÅL: Ole Andreas Vatle-Dahl har brukt dei siste fire månadane på å overbevise Sjøforsvaret om at han er ein verdig skipssjef. Han greidde det til slutt.

Av Vidar Hope, Olav F. Bjørkøy og Håvard Hanasand (foto)

Ubåtsjefskurset går for å vera det hardaste ein finn i Forsvaret og kun dei med sterkast psyke kjem seg gjennom nålauga. Vatle-Dahl (32) og Nordstrand (30) er ein av dei. Den førstnemnde kjenner seg fleire kilo lettare etter det fire månader lange jaget han har vore utsett for.

- Må vera audmjuk
- Det har vore heftig til tider, men eg har ikkje angra på at eg melde meg på dette kurset undervegs. Fallhøgda er stor sidan ein ikkje får segle meir med ubåt dersom ein stryk, men det spørs korleis ein ser på det. Det verste som kan skje er jo at ein stryk, seier Vatle-Dahl som har åtte års erfaring frå Sjøforsvaret sine undervannsbåtar.
Til sommaren er han ferdig med det eitt år lange langkurset for maritime operasjonar, men ubåtsjefskurset er over. 1. august kan han heise kommando på ubåt. Berre tanken på det gjer han audmjuk.
- Akkurat no har eg ein fantastisk god kjensle. Men vi har det tankane at når vi heiser kommando så går vi om bord som ferske sjefar. Då skal vi stå aleine med over 20 menn under oss på ein båt til over ein milliard kroner. Vi er framleis i ein læringskurve og er klar over det, seier han.

Foto: Håvard Hanasand
SLAGKRAFTIG: KNM Utvær er ein av Sjøforsvaret sine seks ubåtar i Ula-klassen.
Det årlege ubåtsjefskurset starta opp i midten av august i år og blei avslutta torsdag 8. desember. Dei første fem vekene gjekk med til testar i periskoptryggleik ved simulatoren på Haakonsvern og om bord på sjefskursubåten KNM Utvær. Seinare har elevane vore gjennom første taktiske del i skotsk farvatn og taktisk del to i Nord-Norge.

- Vi gir dei ein lærepenge. Gjer dei ein feil her, skal vi forsikre oss om at dei ikkje gjer den feilen igjen, fortalde instruktør på kurset, orlogskaptein Øistein Jensen, då elevane hadde periskoptrening i farvatnet utanfor Haakonsvern i haust.

Prega av detaljstyring
- Kurset er hardt, med streng seleksjon. Men det fører også fram til ein svært spesiell og krevjande jobb. Vi meiner det er nødvendig med eit såpass utfordrande opplegg for å ta vare på tryggleiken og for å oppretthalde nivået vi har nådd nasjonalt og internasjonalt, seier Jensen.
Internasjonale oppdrag er ein kjent sak for ubåtbesetningane i Sjøforsvaret. Dei siste åra har Norge årleg hatt ein ubåt på oppdrag i Middelhavet under Nato-operasjonen Active Endeavour. I tillegg er patruljering langs norskekysten ein viktig del i kvardagen.

Foto: Håvard Hanasand
DETALJSTYRING: Instruktør Øistein Jensen har hatt tett og streng oppfølging av sjefselevane. - Det er nødvendig for å ta vare på tryggleiken, meiner han.

- Eg kan godt forstå kvifor mange kallar dette det hardaste sjefskurset i Forsvaret, seier Vatle-Dahl. - Ein lærer mykje om sine eigne og fartøyets grenser. Ein er vaken lenge og må halde styr på mykje informasjon, samstundes som diverse hinder gjer at vi ofte har måtte avvike nittini prosent frå den opprinnelege planen.
- På undervannsbåt er det detaljstyring som gjeld, og det i mykje større grad enn til dømes på ein fregatt, legg Nils Nordstrand til.

Ser svake og sterke sider
Sjøforsvaret har seks undervannsbåtar i strukturen. Desse blei bygd på tidleg nittital og står fram som moderne og slagkraftige fartøy. For sjefen for dei norske ubåtane, kommandør Sverre Nordahl Engeness, er det viktig at rekrutteringa i alle stillingar om bord har god flyt. No kan han skilte med to ferske skipssjefar.
- Det er viktig at vi klarte å få dei gjennom kurset. Dersom dei ikkje hadde bestått måtte vi i verste fall latt ein av dagens sjefar gå sitt femte år som skipssjef, og eg meiner at tre år er ein grei periode som ubåtsjef, fortel han.

Arkivfoto: Egil Ingebrigtsen
FÅR NYE SJEFAR: Forsvarssjef Sverre Diesen og våpensjef Sverre N. Engeness er klar for å ta i mot to nye ubåtsjefar. Arkivfoto: Egil Ingebrigtsen
- Gjennom sjefskurset har vi forsikra oss om at dei er i stand til å ta vare på personellet og båtane. Men det er også viktig at dei har lært seg sjølv å kjenne, både deira svake og sterke sider. Vi har utsett elevane for så surrealistiske situasjonar som er mogleg å skape i fredstid og utifrå den tryggleiken vi må forholde oss til, forklarar Nordahl Engeness.

På eigne bein
Det er Vatle-Dahl og Nordstrand smerteleg klar over.
- Vi er heilt klart meir merksam på dei svake sidene våre og må i framtida unngå situasjonar som kan framheve desse. Å vera sjef på ubåt krev svært mykje mentalt, men det er også utfordrande fysisk sett. Vi må vera budd på at vi nokre gongar lyt setje oss ned og puste ut, eller gjera noko anna når det er hektisk og står på som verst, seier Vatle-Dahl.

Det er ein sjølvstendig og ansvarsfull jobb dei to nye skipssjefane snart vil få, men Nordahl Engeness er sikker på at ubåtvåpenet har fått velkvalifiserte sjefar.
- Når dei først står aleine som sjef kan dei ikkje plukke opp mobiltelefonen og spørje etter hjelp. Ein må handtere alt sjølv og er svært autonom. Difor er det viktig at dei nye sjefane er trygge på seg sjølv, fortel kommandøren som fyrer i gong nytt sjefskurs til neste haust. Med det håpar han på endå to nye ubåtsjefar innan 2006-2007-sesongen.

På ubåtsjefskurset deltok også den amerikanske kapteinløytnanten Tim Poe som saman med Ole Andreas Vatle-Dahl og Nils Nordstrand bestod det harde kurset.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.