Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Egil Ingebrigtsen, 2006-09-18


Motiverte og godt trente

HAAKONSVERN: I samband med at Noreg sender fire MTB-ar til oppdrag i Middelhavet, har debatten gått om det er rett å sende vernepliktige ut i slik teneste. Over 70 vernepliktige er villige til å vere med på oppdraget.

Av Andreas Bjerknes


HOVEDTILLITSVALGT: Jon Martin Hognes er heilt sikker på at mannskapet som reiser, er klare for oppdraget.

Missiltorpedobåtane har ei besetning på opptil 25 mann per båt, og 10–13 av desse er vernepliktige og matrosar. MTB-skvadronen skal sørover primært for å delta i ein NATO-sertifiseringsøvelse i Middelhavet, og kan eventuelt settast inn utanfor kysten av Libanon. Tidligare denne veka vart MTB-ane lasta om bord på dokkingskipet ” Condock V”.

Besetninga reiser frå Noreg den 26. september, og tillitsvalt for dei vernepliktige på ”KNM Tjeld”, Jon Martin Hognes, er heilt sikker på at mannskapet som reiser, er klare for oppdraget.
– Alle er veldig fornøgde med å få være med på eit slikt oppdrag, seier han.

Alle skriv kontrakt
Han påpeikar også at alle som skal vere med har skrive under på ei kontrakt om at dei vil vere med som ein del av den norske styrken.
– Stemninga om bord er veldig god. Vi ser på det som ei flott muligheit, og vi er svært godt forberedt for oppdraget vi skal ut på. Vi har delteke i fleire Nato-øvelsar, fortel han vidare.

Hognes påpeikar at ingen av dei vernepliktige er nye rekruttar, men at det derimot er tatt inn personell som allereie har fullført verneplikta. Desse har no skrive kontrakt som matrosar.

– MTB-ane si oppgåve går hovudsakleg ut på patruljering og støtte. Vi reknar med at vi kjem til å oppleve ein del lange og varme dagar, men vi har forberedt oss godt også for dette, seier han.

– Samtrening viktigare enn alder
Hognes får og støtte frå landstillitsvalt for dei vernepliktige, Axel Sjøstedt. Han meinar at dei vernepliktige har det som skal til, og at dei er klare for oppdraget som ventar.

– All forskning konkluderer med at samansetting og samtrening er viktigare faktorar enn alder aleine, seier Axel Sjøstedt i ei pressemelding frå vernepliktsrådet/tillitsmannsordningen i Forsvaret.

– Det blir snakka om å profesjonalisere Forsvaret. Men Forsvaret er allereie profesjonalisert. Det er profesjonalisert i den forstand at vi har ei verneplikt og ei førstegangsteneste som i aller høgste grad produserer soldatar som gjer jobben sin svært profesjonelt, påpeiker Sjøstedt.

Han seier også at det ville vore gale dersom heile besetningen besto av personell med eit halvt års opptrening, men slik er det heller ikkje.
– Poenget er at balansen mellom erfaringsnivå og funksjon skal gå opp, slår han fast.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.