
|
Endeleg i Noreg
KV Nornen la for første gang til kai i Noreg då det splitter nye kystvaktskipet kom til Haakonsvern i sist uke, omtrent to og ein halv månad forsinka frå verftet i Stezin i Polen.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | INNTOG: Stor glede i kystvakta når KV Nornen endeleg er på plass. Foto: Svein Dale Soleng, Forsvaret. |
Under innseglinga til Grimstadfjorden og Haakonsvern vart det nye skipet ønskt velkommen av KV Garsøy og KV Tromsø, to av søskenskipa i Kystvaktskvadron Sør.
– Med dette skipet vil me oppleve ein heilt ny kvardag, seier kapteinløytnant Terje Rødahl, som er skipssjef om bord KV Nornen på eine skiftet, og som har fylgt byggjeprosessen i Polen.
Han fortel vidare at han i det heile er svært godt nøgd med dei gode løysingane ombord.
– Skipet er stappfullt av moderne utstyr og er godt utrusta med tanke på mellom anna den viktige oljevernberedskapen, held Rødahl fram.
KV Nornen skal være utstyrt med to hurtiggåande lettbåtar. Ein av desse er ein Fast Rescue Daughter Craft (FRDC), med overbygg, full navigasjonspakke og muligheit for overnatting. Lettbåten vil ha eit fartspotensial på opptil 45 knop, og den gir nye muligheiter innanfor utrykking, søk, arealdekning, redning og politi- og tolloppdrag.

| | LETTBÅT: KV Nornen skal ha to lettbåtar som er særs godt egna til patrulje. |
Verktøy mot kriminelle
– Med dette flotte skipet og med dei framtidige fire medlemma av ”søskenflokken”, vil me utgjere ein flott ressurs for oppsyn og reaksjon innanfor flora- og faunaforholda langs kysten vår, seier sjefen for kystvaktskvadron sør, Edvard Winther Johansen.
– Vidare vil me forsterke våre muligheiter for effektivitet innanfor sikkerheits- og redningsarbeid, men ikkje minst vil me no utgjere ein meir alvorleg trussel for alle som driv ulovleg viksamheit på sjøen uansett type og profesjon, legg han til.
– No har me ein hektisk periode med oppøving og sikkerheitsklarering, men satsar på å ha skipet operativt så snart som mogeleg, kanskje allereie i slutten av neste veke, fortsett Johansen.
Styrking av indre Kystvakt
Etter kvart som Nornen er operativ, og dei andre syskenfartya Heimdal, Farm, Tor og Njård er på plass, blir vernet av norskekysten styrka.

| | FLOTT: Brua på KV Nornen er stor og oversiktelig med utstyr som lettar samarbeidet med toll og politi. |
Etter kvart vil ein sjå om dei to siste fartya ein har opsjon på, også vil komme til å patruljere norskekysten. Kystvakta håpar på å kunne operere med inntil ti farty i den indre Kystvakta.
Fakta om KV Nornen-klassen:
- Lengde: 47,2 m.
- Deplasement: ca 700 tonn.
- Fart: 15 knop.
- Besetning på elleve mann: tre militære offiserar, fire sivile offiserar per skift og seks meinige kor fire om bord per tokt.
- Utover KV Nornen er fem farty til under bygging og skal leverast med om lag tre–fire månaders mellomrom.
Neste farty er KV Heimdal levert for Kystvakten Nord og kysten av Finnmark–Nord-Troms i desember.
- Utover dei fem fartya har ein opsjon på ytterlegare to skip til.
|

|