
|
Inn i Nato-styrke
Under ein høgtideleg seremoni på mineryddarkaia på Haakonsvern, overtok mineryddaren KNM Hinnøy Nato-flagget frå KNM Rauma.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | OPPSTILLING: KNM Hinnøy og KNM Rauma sine besetningar under flaggskifteseremonien. |
KNM Hinnøy skal inn i den ståande minerydderstyrken SNMCMG1. Natt til torsdag gikk KNM Rauma offisielt ut at Nato-teneste og KNM Hinnøy tok over.
Fartyet skal deployere frå Haakonsvern søndag for å slutte seg til styrken i Korsfjorden på veg nordover mot marineøvinga Flotex.

| | NATO-FLAGG: KNM Hinnøy heiste Nato-flagg onsdag 1. november. |
Høg beredskap
Skvadronsjefen for 1. minerydderskvadron, orlogskaptein Per Arne Bakkeli, fortel at Nato-styrken skal kunne sette inn minerydding på svært kort varsel uansett kvar det trengst.
– Minerydderstyrken er også ein del av Nato response force, som inkluderer mykje meir enn berre ståande styrkar, seier Bakkeli.
– KNM Hinnøy kjem til å vere i høg beredskap dei neste seks månandane, og fartyet vil delta på mange øvelsar rundt om i Europa, held han fram.
Bakkeli fortel at styrken vil besøke mange plassar i løpet av året, mykje for å vise at Nato-styrken både trenar saman og held saman. Styrken skal innom Bergen første helga i desember og til Oslo veka etterpå.
– 1. minerydderskvadron er eit fast medlem av SNMCMG1 og har alltid eit farty i styrken, seier Bakkeli.
Han fortel vidare at under øvingar i eigne farvatn kan ein likevel ha opptil fleire farty med, som for eksempel under Flotex i neste veke då fire mineryddarar vil delta i styrken.
Skryt til KNM Rauma
Per Arne Bakkeli kan fortelle at KNM Rauma har fått svært gode tilbakemeldingar om deira innsats i Nato-styrken.
– Den samme besetninga deltok til å byrje med på KNM Otra, men bytta til KNM Rauma etter sommaren, seier skvadronsjefen.
– Besetninga deployerte til Kapp Verde i juli og gjennomførte øvinga der på ein særs god måte, til tross for maskinproblemer og vanskelege forhold, avsluttar Bakkeli.
|

|