Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2006-11-10


Katastrofeøving på Haakonsvern

BERGEN: Etter ein eksplosjon i eit ammunisjonsmagasin på KNM Bergen måtte medisinstudentar ved kirurgisk institutt på Universistet i Bergen ta seg av førti skadde personar.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Foto: Andreas S. Bjerknes, Sjøforsvaret
AMBULANSE: Personell frå Røde Kors, sivilt politi og norske redningshundar deltok på øvinga.

– Vi har gjort dette 25 gongar no, fortel professor ved kirurgisk institutt ved Universitetet i Bergen, orlogskaptein Ketil Grong.

Øvelsen vert gjennomført to gongar i året etter at studentane har gjennomført eit vekes langt katastrofekurs.

Grong fortel at øvinga aldri hadde vore mogeleg utan fantastisk støtte frå Sjøforsvaret, som stiller som arrangør både med markørar, kulisser og scenario.
Foto: Andreas S. Bjerknes, Sjøforsvaret
SÅRA: Studentane frå Universitetet i Bergen måtte passe og behandle dei skadde.
– Sjøforsvaret gjer ein flott innsats kvart år, seier Grong.

Med på øvinga var det også medlemmar frå Hordaland Røde Kors, sivilt politi, mens årets nykommarar var medlemmar frå Norske redningshundar si Hordalands-avdeling. Hundane gjennomsøkte KNM Bergen for skadde etter ulykka, og hundeførerane var fornøgde med gjennomføringa etterpå.

Ope for befal
– Katastrofekurset som vi kjører, er ope for befal med sanitetsansvar på sine farty eller liknande, fortel Grong.

Han seier vidare at dei har plass til mellom 10 og 15 befal, og håpar fleire vil melde seg på det neste kurset som vert gjennomført i slutten av mai eller byrjinga av juni. Påmelding kan skje gjennom Saniteten i Sjøforsvaret




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.