Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Svein Dale Soleng, 2006-11-22


Ny sjef viser veg

Årets andre KNM Tordenskjold stafett gjekk av stabelen på Haakonsvern torsdag. Den nye sjefen for KNM Tordenskjold var båe deltakar og tilskodar under stafetten.


RASKT UTE: Laget frå sjøkrigsskulen var noko raskt ute i finala under symjestafetten. Foto: Andreas Bjerknes
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Stafetten var den 62. som vart helde på Haakonsvern, og det tradisjonsrike arrangementet hadde bra oppslutning til tross for at ein del fartøy deltek på marineøvinga Flotex denne veka. Under stafetten vart det konkurrert i tautrekking, symjestafett og terrengstafett. Flest lag deltok under symjestafetten, men det var mykje folk også under dei andre øvingane.

Tjuvstart og delt siger
Symjestafetten byrja i symjehallen med fire innleiande heat, der dei to beste i kvart gjekk vidare til semifinale. Etter to spanande semifinalar sto ein igjen med fire verdige finalistar, med lag frå KNM Rauma, Sjøkrigsskulen, KNM Tordenskjold taktikksenter og befal FK KKIS. Taktikksenteret ved Tordenskjold gjekk tidleg opp i leiinga og heldt denne fram til siste veksling, før laget frå Sjøkrigsskulen kom opp på sida, gjekk forbi og kom først i mål. Sjøkrigsskulen fekk likevel ikkje med seg sigeren aleine, då det vart konstatert tjuvstart på dei to første etappane i finala. Med tidsstraff endte ein då opp med same tid som KNM Tordenskjold taktikksenter, og delt fyrsteplass.


VISER VEG: Den nye sjefen for KNM Tordenskjold viser veg under symjestafetten. (Foto: Senter for fysisk fostring)

Vakt og sikring dominans
Etter symjestafetten vart arrangementet flytta utandørs og ein tok til med tautrekkingskonkurranse, der Vakt og sikring stilte sterkt med tre lag. To av dei tok seg vidare til semifinala, men Vakt og sikring lag tre måtte sjå seg slått av eit lag frå FSR-kurset på KNM Tordenskjold. I finala var det likevel ikkje tvil om kven som var sterkast, og Vakt og sikring sitt første lag sigra etter best av tre metoden.

KNM Tordenskjold-stafetten var avslutta med terrengstafett inndelt i sju etappar. Også i denne øvinga vart det siger til Vakt og sikring. Dei halte ifrå om lag halvvegs i løpet og heldt seg fremst heilt til mål.

- Fysisk yteevne er ei ferskvare som må trenast, fortel André Ringdal, skulesjef ved senter for fysisk fostring. KNM Tordenskjold stafetten er eit ansporande middel til å trene og bør motivere til vidareaktivitet, held han fram. Ringstad fortel at det også er viktig med kameratskap og avdelingsstoltheit, og at dette kan skapast gjennom vennskapelige kappestrider som denne.

- KNM Tordenskjold-stafetten kan sjåast på som eit av mange virkemiddel mot auka fysisk aktivitet i Sjøforsvaret seier Ringstad. Auka fysisk aktivitet er eit av måla til Generalinspektøren i Sjøforsvaret.




 

Relaterte artikler



DFS sterke på stafett 2007-03-15





KNM Tordenskjold-stafetten 2006-02-17




Dokumenter




Hauger om stafetten (doc)