Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2006-12-12


Brannvern i julestria

Desember månad er tradisjonelt ein månad med mange brannar. Difor arrangerte brannstasjonen på Haakonsvern ein branndemonstrasjon for dei forpleiningsansette ved Haakonsvern denne veka.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret


BRANN: Brann i frityr og oljar må sløkkast på rett måte, uten bruk av vatn.

Brannmeistrane Leif Ove Lillestøl og Torbjørn Nilsen heldt tirsdag ein branndemonstrasjon for å bevisstgjere om farane ved brann og også om korleis ein bør gå fram for å forsøke å sløkkje.

- Brannar på kjøkkenet og spesielt dersom frityr og smult er innblanda er vanskelege å sløkkje, fortel brannmeistrane. Det krevst både kunnskap og rette brannsløkkingsapparat, held dei fram.
Dei forklarar at det er viktig å gi folk ei påminning om kva som kan gå gale, og korleis ein bør takle slike situasjonar.

Under demonstrasjonen fekk dei ansette ved Sjaluppen sjå kreftene i ein liten propangassbehaldar, då denne vart utsett for varme. - Slike kvardagslege ting har særs mange liggande heime, seier Lillestøl.

Prøvde nytt utstyr
Under demonstrasjonen fekk dei kjøkkenpersonalet prøve fleire forskjellige brannsløkkingsapparat. Mellom anna fekk nokre prøve eit nytt apparat som er særs godt egna på frityrbrannar.


SLØKKING: Demonstrasjon av eit CO2-apparat.

- Det er særs viktig at ein brukar rett sløkkemetode, seier Lillestøl. Å helle vatn over brennande olje fører ikkje til at brannen sløkkjer, men heller at ein sprer brannen og at svært varm damp vert spreidd utover.

- Vi håpar folk får ei fredfylt og ikkje minst brannfri jul, seier Lillestøl og Nilsen.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.