|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Andreas Steinnes
Bjerknes,
2006-12-15

|

|
James Bond med NSB
Onsdag inviterte NSB og velferden ved Haakonsvern soldatane på basen til å vere med på den siste James Bond-filmen på Bergen kino.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | TAKKA: Jon Terje Brakstad takka soldatane for innsatsen under togavsporinga ved Flå tidleg i november. |
Etter togavsporinga ved Flå i Hallingsdalen i byrjinga av november, fekk soldatane frå Haakonsvern som var med toget mykje skryt for innsatsen dei la ned etter avsporinga.
Som ein gest til soldatane spanderte difor NSB kinoframsyning for opptil 150 soldatar på Haakonsvern.
Kinoframsyninga kom i stand etter initiativ frå NSB, men ideen til kino og sjølve arrangementet var det velferdskontoret på basen som sto for.
- Soldatane fekk mykje skryt for innsatsen, av både personale om bord på toga, og av passasjerane som opplevde ulykka, seier NSB sin representant Jon Terje Brakstad. Han hadde og fått med seg eit takkenotat frå konsernsjefen i NSB, Einar Enger.
Kim E. Pedersen var med på toget under avsporinga. Han synest det er fint at NSB gir soldatane ei merksemd.
- Eg vil ikkje slutte å ta tog, seier Pedersen. Ettersom vi gikk i uniform, så følte vi litt plikt til å hjelpe, held han fram.
- Opplæringa ein får i forsvaret gjer at soldatane er ein ressurs dersom det skjer slike ulykker, seier Brakstad. Hand held fram at det var på sin plass med ei merksemd til soldatane, og at dei 29 som var med under ulykka vil få eit diplom frå NSB.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|