
|
Miljøvern og kartlegging
HAAKONSVERN: Etter M/S Server-forlistet ved Fedje 12. januar, har Sjøforsvaret vore aktivt med i oppryddingsarbeidet. I tillegg til Kystvakta, har ein Stridsbåt 90 og Slurpen vore med på oppryddinga.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | SLURPEN: Miljøvernsfartyet Slurpen frå Haakonsvern i gang med oppsamling av olje i Øygarden kommune. (Foto: Sjøforsvaret) |
Etter at M/S Server forliste ved Fedje fredag 12. januar, har Sjøforsvaret vore aktivt med i oppryddingsarbeidet. I tillegg til Kystvakta, har også ein Stridsbåt 90 og Slurpen vore med på oppryddinga.
Kystvakta var tidleg ute i området rundt Fedje og deltok med alle fartya frå ytre kystvakt ved Kystvaktskvadron Sør. Etter forliset har Kystvakta fått pumpa opp over 130 tonn olje.
Kartlegging og rekognosering
I tillegg har Sjøforsvaret stilt med ein Stridsbåt 90. Skipssjef på stridsbåten, løytnant Tobias Bang-Hansen fortel at hovudoppgåva til fartyet har vore rekognosering, der dei kartlegg påslag av olje.
- Vi har også hatt med folk frå fylkesmannen i Hordaland si miljøvernavdeling. Då hjalp vi til med telling og kartlegging av skadde sjøfuglar, fortel Bang-Hansen. Han legg til at stridsbåten også tok med pressa på ein informasjonstur i området.
Miljøvernsoffiser på Haakonsvern, orlogskaptein Svein Syversen fortel at Slurpen har delteke i opprydding av oljeforureining i Øygarden kommune.
- Slurpen låg i ein hangar på basen når M/S Server gjekk ned, og vart berre klar til innsats etter ein fantastisk jobb frå Forsvarets Logistikkorganisasjon si maritime verkstad-avdeling.

| | AVSTENGD: Slurpen har stengt av kanalen. (Foto: Sjøforsvaret) |
Ros til Sjøforsvaret
Kurt Oddekalv i Noregs Miljøvernforbund har tidlegare rosa Sjøforsvaret og spesielt Kystvakta for innsatsen.
- Hadde eg bestemt, ville eg sørga for at Sjøforsvaret vart øverstkommanderande på miljøvernaksjonar på sjøen, fortel Oddekalv.
- Det er flott at andre set pris på den innsatsen vi gjer, seier miljørvernoffiser Svein Syversen.
|

|