
|
Mot effektive redningsoperasjonar
HAAKONSVERN: Over fire dagar vert det årlige møtet for det medisinske panelet i Nato Submarine Escape and Rescue Working Group, (SMERWG) halde på Haakonsvern denne veka.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | SIKRARE: SMERWG arbeider for betre rutinar for redning og unnslepping frå ubåtar. Arkivfoto Sjøforsvaret. |
– Vi er stolte over å få vere vertskap for møtet, seier kommandørkaptein Jan Risberg.
Risberg er sjef ved UVB Dykkerlegen sitt kontor i Forsvarets sanitet. Han fortel at det deltek 23 personar på møtet; frå fleire Nato-land, men også frå land som Australia, Israel, Russland og Sverige.
– Det som er litt spesielt med denne arbeidsgruppa, er at få andre Nato-forum har eit uttalt mål om samarbeid utover organisasjonen. Vi vil integrere flest mogeleg nasjonar som har undervassbåt også utanfor Nato, seier Risberg.
Betre medisinsk kompetanse
Møtet går hovudsakleg ut på å diskutere dei medisinske tilhøva ved overleving og redning frå undervassbåt. Risberg fortel at under ulykker med undervassbåt kan bestningsmedlemmar gli frå å vere friske til å verte sjuke på svært kort tid, grunna at atmosfæra om bord vert endra, mellom anna høgare trykk, mindre oksygen og meire karbondioksid.
– Her får vi utveksla kunnskapar, og vi arbeider for å betre både samarbeid og kompetanse, seier Risberg.
Trond Juvik er norsk utvekslingsoffiser som arbeider ved International submarine escape and rescue liason office, (Ismerlo) i Norfolk, USA. Denne Nato-gruppa arbeider med koordinering, tilrettelegging og standarisering av redningsaksjonar for undervassbåt.
– Ei engelsk redningsgruppe skal kunne gjennomføre redningsaksjonar med til dømes norske undervassbåtar gjennom at vi har prosedyrar og normar som er kjende for alle, seier Juvik.
Han fortel vidare at fleire land som ikkje er medlemmar av Nato, har byrja å adoptere Nato sine krav til undervassbåtar.
Ingen sivile aktørar
Jan Risberg fortel at det ikkje finst sivile aktørar når det gjeld det medisinske aspektet med undervassbåtar.
– Dette samarbeidet er den einaste moglegheita vi har til å lære meir og utveksle kompetanse på området, seier Risberg.
– Store undervassbåtnasjonar har arbeida mykje med utarbeiding av redningssystem for undervassbåtar, mens vi i Noreg er fagleg tunge på overleving og best mogeleg unnslepping, legg han til.
|

|