
|
Dr. Ranelli på Haakonsvern
Torsdag besøkte Dr. Peter Ranelli frå Nato Undersea Research Centre, (Nurc) Haakonsvern og heldt eit foredrag om senteret sitt arbeid under ein temadag på KNM Tordenskjold sitt Taktikksenter (TAS).
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret og Stein Otto Hole, METOC

| | FORELESTE: Dr. Peter Ranelli ved Nurc besøkte Haakonsvern. Det er første gang nokon frå senteret besøket basen. (Foto Magne Åhjem) |
Dr. Ranelli er pensjonert kommandør i US Navy og leiar idag den militære oseanografi-avdelinga ved Nurc. Det er første gang nokon frå leiinga ved senteret besøker Haakonsvern. Senteret vart oppretta i 1959 og arbeider med verdsleiande maritim forsking til støtte for Nato sine operasjonelle og omformingskrav. Organisatorisk er Nurc plassert direkte under Allied Command Transformation (ACT) i Norfolk, Virginia.
Høgt nivå gjennom samarbeid
Under sitt foredrag fortalte Dr. Ranelli om arbeidet som vert utført ved senteret og om samarbeidet mellom senteret og nasjonane som er medlemmar av Nato.
- Gjennom samarbeid klarar vi å oppnå eit mykje høgre nivå på forskinga, enn ein nasjon som opererer på eiga hand ville klart, seier Dr. Ranelli.
På spørsmål frå salen, bekrefta Ranelli at senteret har eit sterkt fokus på antiubåtkrigføring og at store ressurser er sette inn for ytterligare å betre Nato sine evner til undervassbåtjakt i kystnære farvatn
Norsk kompetanse
Etter at Dr. Ranelli hadde fullført sitt foredrag, presenterte Elling Tveit ved Forsvarets Forskingsinstitutt deira arbeid og samarbeidet med Nurc. Han fortalte blant anna om arbeidet med HUGIN, eit autonomt undervassfarty båe for sivilt og militært bruk. Under arbeidet med utvikling av tilsvarande kapasitetar for Nato var det et nære samarbeidet mellom FFI og Nurc særs tydelig.
Nurc har også direkte samarbeid med KNM Tordenskjold. Innanfor Ranelli sine ansvarsområde på Nurc er det naturlig at det er METOC avdelinga på Taktikksenteret som vart nemnt. Dr Ranelli framhevar også at ein teknisk offiser frå KNMT har leia den kompliserte implementeringsfasen av senterets nye mobile satellittbakkestasjon som er ein unik felles Nato kapasitet.
METOC avdelinga ved KNMT/TAS heldt det siste foredraget og kunne presentere nye kapasitetar som vil bidra til betre utnytting av Sjøforsvarets fartøy og sensorar. Ei ny bøye vil bli plassert vest av Marsteinen og kan i sann tid gi informasjon om vær og bølgehøgder ,i tillegg til oseanografisk informasjon. Det er også anskaffa værstasjonar og måleinstrument som er lettare å ta med seg i samband med operasjonar og øvingar.

| | CREST: Dr. Ranelli fekk utdelt ein crest som takk for besøket, og samarbeidet mellom Nurc og det norske Forsvaret. (Foto Magne Åhjem) |
Dr. Ranelli fekk utdelt ein crest av sjefen ved KNM Tordenskjold, kommandør Stein Hauger. Denne gesten var meint som ei takk for besøket, og for senteret sitt samarbeid med det norske Forsvaret.
På slutten av dagen takka sjefen for Sjøforsvarets skular, flaggkommandør Bernt Grimstvedt, for eit særs interessant foredrag. Han sette stor pris på at Noregs besøket også hadde resultert i konkrete forslag til utvida samarbeid med fleire forskingsmiljø i Noreg, også utanfor Forsvaret. Flaggkommandøren ba om at dette initiativet måtte følgjast tett opp av dei som ville verte involverte.
|

|