Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-02-02


Siktar mot ungdomen

Forsvaret satsar på rekruttering. Under årets Utdanningsmesse i Bergen, fekk ein svært positive tilbakemeldingar om arbeidet som vert gjort, etter at Forsvaret sin stand vart kåra til messa sin beste.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
REKRUTTERING: Forsvaret fekk vist seg fram på ein flott og viktig måte under Utdanningsmessa i Bergen.

Forsvaret satsar mykje på rekruttering. Under årets Utdanningsmesse i Arenum i Bergen, fekk ein svært positive tilbakemeldingar om arbeidet som vert gjort, gjennom at Forsvaret sin stand vart kåra til messa sin beste.

Med muligheit for å prøveskyte 12.7mm mitraljøse mot realistiske mål på ein skjerm, fysiske utfordringar, video og visuelle effektar, var det ein svært gjennomført stand Forsvaret presenterte under årets Utdanningsmesse. Ungdomen som kom innom fekk svar på dei fleste spørsmåla dei hadde om det utdanning og framtid i Forsvaret.

Variert og populær - Vi hadde ein stand som var veldig variert, med mange aktivitetar og konkurransar, seier løytnant David Berthelsen, som er rekrutteringsoffiser i vernepliktsverket. Saman med at vi var messa sin mest besøkte stand, gjorde nok det sitt til at standen vart kåra til messa sin beste, legg han til.

Berthelsen fortel at mange av ungdomane som var innom standen visste lite om Forsvaret. - Det er viktig at vi opplyser om dei muligheitene ein har i Forsvaret og at ungdommane får sjå kva Forsvaret kan tilby, fortel Berthelsen. Rekrutteringsoffiseren fortel også at rekruttering er svært viktig for Forsvaret, som for første gong ikkje klarte å fylle opp alle skuleplassane på operative linjer.

Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
VARIERT: Standen til Forsvaret inneheldt alt frå ei mitraljøse til armhevings-konkurransar.

Fysiske utfordringar På standen til Forsvaret kunne dei besøkande delta i fysiske konkurransar i armhevingar og sit-ups. Mikkel Ranheim er instruktør ved Senter for fysisk fostring på Haakonsvern og syntest dei fleste virka positive til opplegget. - Dei som klarte å ta nok armhevingar og sit-ups vann t-skjorter frå Forsvaret og i tillegg hadde vi nokre trøstepremiar, fortel Ranheim.

- Mange er positive til Forsvaret, det er ein bra trend vi er inne i, seier David Berthelsen. Han var også særs nøgd med alle som hjalp til med standen. - Alle gjorde ein særs flott innsats, avsluttar Berthelsen.


INFO: Fenrik Veberg informerer om muligheitene i Forsvaret. (Foto Vernepliktsverket)




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.