Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-02-05


Nato-styrke i Bergen

HAAKONSVERN: Denne helga har Nato sin ståande minerydderstyrke, SNMCMG1 hatt stilleligge i Bergen. KNM Hinnøy har om lag tre månadar igjen som Noreg sitt bidrag i styrken.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
VED BRYGGEN: Nato-styrken SNMCMG1 låg denne helga til kai ved Bryggen i Bergen.

- Etter nyttår har vi mellom anna vore i Neustadt for å trene opp styrken, seier løytnant Gullichsen på KNM Hinnøy. Styrken har øvd på brann ved kai og havariøvingar, legg Gullichsen til. KNM Hinnøy gjekk inn i Standing Nato Mine Countermeasures Group 1, (SNMCMG1) i november og er dei einaste fartyet som ikkje vart bytt ut ved nyttår. Det belgiske fartyet BNS Narcis har teke over som kommandoskip etter at Tyskland hadde kommandoen før nyttår.

- No er vi på veg nordover for å vere med på Norwegian TaskGroup, (Nor-TG) veker saman med resten av den norske minerydder-flåten, fortel Gullichsen. Seinare reiser styrken ned mot Nederland og Belgia, der vi skal gjennomføre skarpe minerydderaksjonar på leiting etter krigsminer frå andre verdskrigen, seier Gullichsen vidare.

Opne skip og velferdsarrangement
Under stilleligget i Bergen i helga, var alle skipa i styrken opne for publikum. Det har dei også vore i dei andre byane fartya har vore innom etter nyttår. - Publikum er interesserte i kva vi gjer på, fortel Gullichsen og held fram at det har vore vanleg med om lag 200 hundre besøkande i kvar by ein har stogga.

I helga har også ein del av dei utanlandske besetningane fått prøve å stå på ski på Voss, i tillegg til at Velferd og Idrettskontoret på Haakonsvern også hadde andre tilbod til besetningane.

Fakta SNMCMG1:
  • Standing Nato Mine Countermeasures Group 1 vart skipa under navnet Standing Naval Force Channel i Ostend, Belgia 11. mai 1973.

  • Styrken består av seks farty frå Noreg, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Belgia og Latvia.

  • Commander Serge Ots i den belgiske marina er øverstkommanderande for styrken, med BNS Narcis som kommandoskip.

  • KNM Hinnøy gjekk inn i styrken 8. november og skal delta fram til byrjinga av april.





  •  

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.