
|
Fekk oppleve Bodø
BODØ: Under årets Nor-TG veker fekk besetningane på dei ulike fartya ei unik mogelegheit til å oppleve litt av det Bodø har å tilby.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | INNSATS: Det var ingenting å utsette på motivasjon eller innsats under fotballturnering i Mørkvedhallen. |
Personell frå Senter for Fysisk Fostring og Idrett- og Velferdskontoret på Haakonsvern, la i helga ned ein stor innsats for at besetningane på fartya under Nor-TG veker, skulle få ei positiv oppleving av Bodø.
- Det var svært bevisst at vi planla ei helg til kai i Bodø, fortel stabssjef Nor-TG, kommandør Henning Amundsen. Dei fleste av dei menige har kanskje vore i Nord-Noreg ein eller to gongar, men berre sett landsdelen frå havet. No ville vi la dei oppleve litt av kva landsdelen kan by på.
Variert program
Gjennom alt frå fotballturneringar, paintball og ski-køyring til omvisning og besøk til Saltstraumen og det nasjonale Luftfartsmuseet, fekk personale frå båe norske og utanlandske marinefarty mogelegheita til å utnytte eit spanande og variert program i løpet av helga.

| | KONTROLL: Mikkel Ranheim frå SFF og Geir Føleide frå Idrettskontoret på HOS har full kontroll under fotballturneringa. (Foto SFF) |
- Soldatane om bord på fartya har gjerne ikkje det same velferds- og idrettstilbodet som mannskap stasjonert rundt på basane, seier Inge Randal frå Velferdskontoret på Haakonsvern. Difor er det viktig at vi kan utnytte slike anledningar til å la velferda komme til fartya, held Randal fram.

| | SALTSTRAUMEN: Båe norske og utanlandske mannskap syntest besøket til Saltstraumen var spanande. |
Stor påmelding
Heile 14 lag meldte seg på fotballturnering i Mørkvedhallen, med fem lag frå Nato-farty, fem frå norske farty og fire inviterte lag frå Bodø Flystasjon. Turneringa vart gjennomført over fire effektive timar laurdag, og arrangørane fekk skryt for veldig flott opplegg.
- 354 stykker deltok på dei forskjellige arrangementa, fortel Mikkel Ranheim frå Senter for Fysisk Fostring. Det er meir enn halvparten av alle som var med i styrken som låg i Bodø, held Ranheim fram.
Dessverre for besetningane på fartya, stilte Bodø Flystasjon med fire særs sterke lag, som enda opp med å kapre dei fire første plassane i turneringa. Ein kan likevel ikkje klage på verken innsatsen eller humøret til laga frå dei forskjellige fartya som deltok.

| | GODT NØGD: Inge Randal frå velferden på Haakonsvern var nøgd med opplegget, men vil gjerne ha tilbakemelding frå deltakarane. (Foto: SFF) |
- Vi er særs godt fornøgde med gjennomføringa av opplegget, seier Inge Randal. Han fortel også at Velferdskontoret gjerne vil ha tilbakemelding frå dei som har delteke.
Idrett og velferd i Bodø
:
Totalt deltok 354 på dei ulike arrangementa.
Skidager (3 dager) 92
Friskhuset treningsavtaler (2 dager) 28
Paintball (3 dager) 66
Fotballturnering (1 dag) 110
Museum (1 dag) 23
Sightseeing Saltstraumen (2 dager) 35
|

|