Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-02-26


Realistisk sminke på Nansen

Realistisk markørsminke sto på programmet for sanitetspersonell ved KNM Fridtjof Nansen førre veke.

Av Andreas Steinnes Bjerknes og Jarle Haukeland (Foto), Sjøforsvaret

Foto Jarle Haukeland
INSTRUERTE: Fenrik Hansen instruerte i realistisk markørsminke for sanitetspersonell på KNM Fridtjof Nansen

Fenrik Hansen frå Ekeberg heimevernsområde, heldt torsdag og fredag kurs for sanitetspersonell på KNM Fridtjof Nansen. Temaet var markørsminke, og korleis ein kan gjere den mest mulig realistisk.

- Det viktigaste er å vere nøye, fortel Hansen. Ein må skilje mellom god og dårlig sminke, held ho fram. Hansen kan fortelje at ho har halde mange kurs for både sivile organisasjonar og heimevernsavdelingar.

Foto Jarle Haukeland
NØYE: Jørgen Minge gjer sitt beste for å få blåmerka mest mulig realistiske.

- Enkle skader
- Deltakarane skal lære bruk av enkel basisk sminke og kunne lage enkle skader med voks og lateks, fortel fenriken.

Tre vernepliktige soldatar fekk i løpet av eit par dagar fleire skader, enn dei fleste andre opplever i løpet av eit vanlig år, med alt frå små blåmerke til større klemskader og meir alvorlege skader.

- Vi har lært korleis små variasjonar i sminka kan gi store utslag i korleis ei skade vert oppfatta, fortel Gry Mjølhus som er sanitetsassistent på KNM Fridtjof Nansen.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.