Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-03-08


Tek kommando på KV Leikvin

Onsdag heiste Kystvakta kommando på KV Leikvin på Haakonsvern. Den tidligare fabrikksnurparen skal ta over for KV Tromsø, som har gjort ferdig leigeperioda i Kystvakta si teneste.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret


NORSKE FARGAR: KV Leikvin er merka med dei norske fargane på sida. Dette er også den internasjonale måten å merke Kystvakt-farty på.

- Fartyet skal brukast om lag eit år, eller fram til vi får vårt nye farty i Barentshav-klassa, fortel skipssjef på KV Leikvin, kapteinløytnant Ståle Vorland. Eit farty i Barentshav-klassa skal vere klart i 2008, men til då vil KV Leikvin fylle plassen, held Vorland fram.

Kystvaktfartya i Barentshav-klassa er gassdrivne, og vil vere meir miljøvennlege enn dagens farty. Sjefen for Kystvakta, Aril Skram, har tidlegare uttalt at det er heilt naturlig for Kystvakta å satse på miljøvennlege løysingar.


SJEF: Ståle Vorland er skipssjef på KV Leikvin.

Internasjonal merking
- I staden for å male heile skipet grått, noko som ville kunne kosta opp mot ein million kroner, så vil KV Leikvin berre vere merka med dei norske fargane på sida av fartyet, seier Ståle Vorland. Sjef for Kystvaktskvadron Sør Yngve Kristiansen, fortel at dette er den internasjonale måten å merke Kystvaktfarty på.

- Sjølv om at fartyet tidligare har vore brukt som fabrikksnurpar, vil ikkje det ha noko operasjonell betyding for vårt virke, avsluttar Vorland.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.