Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-03-19


Siste gong i Narvik

I helga vitja KNM Narvik namnebyen for siste gong, før fregatten vert omgjort til museumsfarty i Horten til sommaren. Det vil markere slutten på ei over 40 år lang operativ teneste.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret


SISTE GONG: KNM Narvik var til kai i Narvik for siste gong, før fartyet vert museumsfarty til sommaren.

I juni vil KNM Narvik ha avslutningstokt som går frå Bergen til Oslo, før fartyet gjennomfører ein dagsseilas til Horten 11. juni, der fartyet skal vert fortøyd. Dagen etter vil fregatten offisielt verte overteke av museumet.

Dei siste vekene har fregatten delteke på Nato-øvinga Cold Response og har operert rundt Malangen utanfor Tromsø. Øvinga er den siste på norsk jord for KNM Narvik, men fartyet skal i mai delta på Noble Mariner.

Spesiell teneste
Skipssjef Jan Otto Hammersland fortel at det er spesielt å vere den siste skipssjefen på ein fregatt med så lang historie. - Som den einaste operative fregatten i Noreg, må vi konstant levere varene. Etterspørselen etter fregattar er stor og vi merkar eit ynskje om å ha med fregattar på øvingar og under oppdrag, fortel Hammersland.

- Eg var litt redd for at vi ikkje skulle få rett prioritering, ettersom Oslo-klassen vert utfasa i påvente av Nansen-klasse fregattane, men vi seiler like mykje som tidlegare fregattar, og vi har som mål å vere operative til siste stund, seier skipssjefen.


KLAR FOR BESØK: Den raude lauparen var leita fram, før ein av dei mange samankomstane ombord på KNM Narvik.

Vinterfestveke
I helga vart den årlege vinterfestveka i Narvik avslutta, og KNM Narvik sitt besøk i byen har vore sett opp som ein post på programmet. - Det var litt tilfeldig at Cold Response var ferdig slik at vi rakk avslutninga av vinterfestveka, men dertil særs gledelig, fortel Hammersland. Å komme til Narvik er spesielt for oss, då vi alltid får ein heilt unik velkomst her. Det er beundringsverdig å sjå mottakinga vi får her i byen, legg skipssjefen til.

Mannskapet ombord på fregatten fekk også nyte godt av at det har skjedd mykje i byen mens fartyet låg til kai. - Det var eit tettpakka program i byen, mellom anna med formelle mottakingar, men også med konsertar og kulturelle arrangement. Delar av besetninga var til dømes på “Tungtvann” konsert torsdag.


OPE SKIP: Ungdomsskuleelevar frå Narvik fekk sjå korleis besetninga hadde det ombord på fregatten.

Ope skip
Under besøket i Narvik var det mogeleg for publikum å kome ombord, for å sjå korleis tilhøva er på det som for tida er Noreg sin einaste operative fregatt. Torsdag var mellom anna ordføraren i Narvik invitert ombord og fredag morgon fekk ungdomsskuleelevar frå byen omvisning ombord på fregatten.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.