
|
Vemodig farvel
Tysdag var besetninga på KV Tromsø samla på akterdekk for å fire kommando på fartyet. Det markerer slutten for ti særs aktive år i Kystvakta si teneste.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | GIV AKT: Besetninga på KV Tromsø oppstilt for firing av kommando. |
- Dette har vore ein fantastisk arbeidshest for Kystvakta, dei ti åra den har vore i teneste, fortel Ståle Vorland, som går frå å vere skipssjef på KV Tromsø til å skulle styre KV Leikvin. Fartyet har vore ei flott rekrutteringsplattform for Kystvakta og det er litt vemodig for mange at den no skal ut av teneste, held Vorland fram.
KV Tromsø har vore veldig aktiv dei ti åra den har vore i teneste og vart mellom anna historisk då den foretok den første oppbringinga i vernesona utanfor Svalbard. Fartyet nødlossa også 260 tonn tungolje og evakuerte 260 passasjerar frå cruise-skipet ”Hansiatic”, då dette gjekk på grunn i Hinlopen.

| | VEMODIG: Skipssjef Vorland firer orlogsflagget på KV Tromsø |
Aktiv teneste
- Fartyet har i løpet av ti år vore det fartyet som har arrestert flest skip, og har vore ein sterkt bidragsytar til ressursforvaltninga i Barentshavet, seier Ståle Vorland. Fungerande skvadronsjef i Kystvaktskvadron Sør, Yngve Kristiansen, fortel at KV Tromsø har vore ei særdeles velegna plattform.
- Det verkar som at trivselen om bord har vore særs god, fortel Kristiansen. Båe fartyet og besetninga her gjort seg svært positivt bemerka.
Under ein sermoni i messa på KV Tromsø var også ein representant frå fartyets eigar, Troms Offshore til stades. Østen Mortvedt fortalte at han hadde opplevd at båe farty og besetning fungerte veldig godt.
- Det er trist at ein firer kommando, seier Mortvedt.
|

|