
|
– Ei absolutt nødvendigheit
Vil du ha opplæring i maritim krigføring, navigasjon og samband og ha mogelegheita til å gjennomføre mellom anna bachelor-utdanning med fordjuping i spesialoperasjonar. Då bør du søke som spesialbåtoperatør i Marinejegerkommandoen.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | FART: Dei hurtiggåande gummibåtane og Spesialbåtoperatørane er ei nødvendigheit for Marinejegerkommandoen. Foto: Marinejegerkommandoen. |
– Spesialbåtoperatørar er valgt spesielt for teneste i spesialstyrkar, fortel Kjetil Mellingen, leder av Spesialdivisjonen på Marinens jegervåpen sitt treningssenter.
– Enkelte deler av utveljinga er samkjørt med marinejegerane, men det meste er meir maritimt retta, fortset han.
For krevande farvatn
– Noreg sin kyst har svært krevande farvatn med skjær, holmar og øyer. I desse farvatna skal spesialbåtoperatørane føre hurtiggåande båtar i svært høg fart. Det stiller store krav til navigasjon både om natta og på dagtid, fortel Kjetil Mellingen.
Spesialbåtoperatørane må tole båe kulde og tøff sjø, og samstundes er dei ei absolutt nødvendigheit for at Marinejegerkommandoen skal fungere.

| | I LUFTA: Opplæring i fallskjerm er ein del av utdanninga til Spesialbåtoperatør. Foto: Marinejegerkommandoen. |
Tett samarbeid
Kjetil Mellingen legg vekt på at det tette samarbeidet med marinejegerane er svært viktig.
– Marinejegerane må kunne stole på spesialbåtoperatørane og omvendt, fortel han.
Han seier vidare at den eine er ikkje viktigare enn den andre, men at dei i staden utfyller kvarandre.
– Spesialbåtoperatørane må på same måte som marinejegerane førebu seg på å gjennomføre spesialoperasjonar i nasjonale og internasjonale operasjonar, påpeikar Mellingen.
Han forklarar at typiske oppdrag er bording, eldstøtte, innsetting og uttrekking.
– Alle operatørane skal mellom anna gjennomføre militært fallskjermkurs, framheld han.
Utdanninga
Dersom aspirantane klarer seg gjennom ein åtte veker lang grunnseleksjon, får dei halde fram på ein toårig utdanningspakke med vidare seleksjonsmomentar.
– Gjennom utdanninga skal spesialbåtoperatørane kjenne dei hurtiggåande båtane med båe våpen og utstyr utanat. Alle operatørane skal kunne fungere i alle stillingane på båten, men den enkelte operatør vil spesialisere seg som enten navigatør, skyttar eller cox/”throttle”, seier Mellingen.
Han avsluttar med å forteje at operatørane etter seleksjon og typekurseksamen vil få utlevert deira eigen beret.
– Etter to år med utdanning vil den enkelte bli vurdert for den såkalla ”SBO-vingen”, kommenterer han.

| | UTFORDRING: Som Spesialbåtoperatør må du tole påkjenningar som kulde og røff sjø. Foto: Marinejegerkommandoen. |
Utdanningsmuligheiter innanfor Marinejegerkommandoen:
- Etter gjennomgått utdanning til marinejeger eller spesialbåtoperatørar i Marinejegerkommandoen og hatt operativ teneste som operatør, kan ein søke seg inn på bachelor-studiet med fordjuping i spesialoperasjonar ved Sjøkrigsskulen. Det siste året ved Sjøkrigsskulen er sikta inn mot spesialoperasjonar og skvadrons-/troppsleiing i Marinejegerkommandoen.
- Etter å ha jobba i troppsleiinga eller som instruktør ved Marinejegerkommanoen kan ein søke seg inn på Langkurs for maritime operasjonar som har ei eiga linje for spesialoperasjonar. Dette er et ettårig kurs der deler av utdanninga foregår ved Joint Special Operations University i USA
- Master of Defence Analysis, Special Operations Curriculum, er eit toårig stadium ved Naval Postgraduate School i Monterey, California.
Utdanninga kvalifiserer for stillingar innanfor spesialoperasjonar i:
– Marinejegerkommandoen ledelse
– Marinens jegervåpen
– Fellesoperativt hovedkvarter
– Forsvarsstaben
– Forsvarsdepartementet
– Nato
Meir informasjon om mogelegheiter og utdanning i Marinejegerkommandoen kan du finne på desse internettlinkane:
www.marinejeger.no
Forsvarsnett
Sjå film frå Spesialbåtoperatørane under dokumenter til høgre.
|

|