
|
- Uakseptabelt i Sjøforsvaret
Etter at ei undersøking om Helse og miljø i 2006 synte at ein del kvinner i Forsvaret har opplevd uønska seksuell merksemd i løpet av det siste året, har Kysteskadren iverksett enkelte strakstiltak.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | - UAKSEPTABELT: Sjef Kysteskadren Haakon Tronstad fortel at seksuell trakasering ikkje kan aksepterast i Sjøforsvaret. (Arkivfoto Sjøforsvaret) |
- Frå Kysteskadren sin ståstad er dette uakseptabel atferd, men vi må ha meir fakta for å kunne sette i gang større tiltak, seier Sjef Kysteskaderen Håkon Tronstad.
- Likevel er det viktig å vise at vi ser alvorleg på undersøkinga og at vi ynskjer å gjere noko med saka. Difor har alarmsentralen ved Haakonsvern Orlogsstasjon blitt gjort tilgjengelig for alle i Sjøforsvaret som opplever seksuell trakasering. Dette gjeld likeeins for Kystvakta, Sjøforsvarets skular, Haakonsvern og Kysteskadren, held Tronstad fram.
- Hensikta med dette tilbodet er å kunne gje støtte og hjelp til personar som opplever å verte utsett for seksuell trakassering, fortel Tronstad. Vedkommende kan då verte sett i kontakt med lege, prest eller psykolog, held Tronstad fram.
Leiinga i Sjøforsvaret ynskjer å kunne følgje opp denne type henvendingar til alarmsentralen, nettopp for å kunne iverksette nødvendige tiltak.
– Denne type henvendingar kan seie noko om omfanget av problemet. Likevel er det viktig å bevare personvernet seier Tronstad. Personar som ynskjer det kan vere anonyme, og leger/ psykolog og prest har teieplikt også overfor leiinga.
- Eg er opptatt av at alle offiserar i Kysteskadren viser gode haldningar ovanfor kvarandre, seier flaggkommandøren. Han legg også til at det er spesielt med teneste på farty.
– Alle må leve tett saman og den sosiale arena rundt omkring på fartya kan vere ein stad der uønska episodar kan forekomme seier Tronstad.
|

|