Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-04-23


- Nivå i verdsklasse

Noregsmeisterskapet i Marine-femkamp vart arrangert på Haakonsvern orlogsstasjon denne helga. Sjefen for Sjøkrigsskulen, Thomas Wedervang var svært nøgd med båe innsats og gjennomføring.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret


ATLETAR: Det var høg innsats og dyktige utøvarar i aksjon denne helga, her ved Reidar Anmarksrud. (Foto Andreas Bjerknes)

- Dette er ei vesentleg forbetring frå tidligare, fortel Wedervang. Tidlegare har vi hatt litt lite påmelding og i fjor vart ikkje meisterskapet arrangert i det heile. Difor er det gledelig at vi i år har nærare 30 deltakarar, der ein del av dei held eit nivå som er heilt i verdsklasse held kommandøren fram.

Sjølv om at arrangementet var eit Noregsmeisterskap, deltok også båe danske og svenske utøvarar i konkurransane. Desse kunne ikkje verte Noregsmeistarar, men Wedervang fortel at det gir ei ekstra spissing av konkurransane.


VINNAR: Anders Meland gjekk inn til siger i herreklassa under Noregsmeisterskapet i Marine-femkamp. (Foto Andreas Bjerknes, Sjøforsvaret)

- Må auke rekrutteringa
Kommandør Wedervang var nøgd med deltakinga, men la heller ikkje skjul på at han kunne tenke seg mange fleire deltakarar til neste år.

- Frå neste år vil eg innføre Noregsmeisterskapet som ein obligatorisk post på programmet for kadettane ved Sjøkrigsskulen, fortel Wedervang. Sjølvsagt vil ikkje alle måtte delta på alle øvingane, men eg trur dette vil kunne auke rekrutteringa til ein idrett som vi har sterke tradisjonar med i Noreg, held han fram.

Under premieutdelinga laurdag, vart det delt ut mykje skryt til alle deltakarane, men dei som stakk av med Noregsmeisterskapstitlane var Camilla Ianke, som er instruktør ved Senter for fysisk fostring ved Haakonsvern og Anders Meland frå Sjøkrigsskulen.


PALLEN: Dei tre medaljevinnarane i båe herre og dame-klassa. (Foto Andreas Bjerknes)

Noregsmeisterskapet i Marine-femkamp:
Herrar:
  • 1. Anders Meland

  • 2. Reidar Anmarksrud

  • 3.Ole Vegard Lundestad

  • Kvinner:
  • 1. Camilla Ianke

  • 2. Linda Hammersland

  • 3. Celine Eriksen

  • Øvingane under Marine-femkamp:

    Hinderbane
    Banen er 300m og består av 10 hinder som relateres til maritime elementer om bord på et fartøy.

    Livredning
    Øvelsen starter med et startstup fra 3m, avkledning i vannet, svømme 50m, dykking til 3m og hente en dukke, ilandføring 25m

    Sjømannskap
    Omfatter sjømannsarbeid på land og i robåt og roing ca 300m. Øvelsen starter med heisning i sjømannsstol og plassering av 5 pinner, haling av trosse, kasting av hivelinje og festing av trosse. Så skal deltageren ro i slalom mellom 6 bøyer. Deretter skal man sjakle løs en kjetting, forhale kjettingen og sjakle den fast i en annen bøye. Man skal så ro videre og sjakle løs en ny kjetting som skal tas med til mål.

    Hinderbanesvømming
    Hindersvømming arrangeres i et 25m langt basseng, og det skal svømmes 125m. Det svømmes med svømmeføtter. Først svømmes det 25m fri, de neste 25m skal man frakte et gevær, tredje 25m inkluderer et dykk på tre meter, fjerde inkluderer passering over tønne samt dykking med innlagt øvelse (Løsne opp brannslangekobling), femte 25m svømmes fritt.

    Terrengløp/amfibieløp
    Løypa er ca 2500m lang, og underveis skal man skyte ned 5 mål med 22 kaliber gevær, padle 100m og kaste håndgranat. For menn skal uniform benyttes og gevær medbringes.




     

    Relaterte artikler
    Ingen relaterte artikler.