Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Andreas Steinnes Bjerknes, 2007-04-24


Ny milepæl i fregattprosjektet

Fredag overtok treningssenteret til Fregattvåpenet ein ny landbasert treningssimulator for systemet som blir brukt til styring og kontroll av plattforma i Fridtjof Nansen-klasse fregattane.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

Foto: Sjøforsvaret
PÅ PLASS: Sjef Fregattvåpenet og leiar av Fregattprosjektet fekk ein grundig gjennomgang på Fregattvåpenet sitt treningssenter.

Systemet heiter Internal Platform Managment System. Prosjektleiaren for fregattprosjektet P-6088, Nils Andreas Stensønes, fortel at han er svært nøgd med systemet om bord på KNM Fridtjof Nansen.
– Eg er særs imponert av det eg har sett sjølv. Dei tilbakemeldingane eg har høyrt frå fartyet har også vore gode, seier Stensønes.

Foto: Sjøforsvaret
DEMONSTRERTE: Juan Luis Munos Perez frå Navantia viste fram den nye simulatoren.

Han la også vekt på at det var viktig at den nye simulatoren vart aktivt brukt, båe for at dette vil gjere den enda meir verdifull for Fregattvåpenet, men også fordi ein då raskare kan kartlegge om det vil verte behov for å ytterlegare oppdatere simulatoren.

– Stor fordel
Juan Luis Munos Perez og fire andre frå rederiet Navantia, som har arbeid med treningssimulatoren, brukte førre veke på å teste den. Dei heldt også ein presentasjon om og synte korleis simulatoren kunne brukast.

– Det er ein stor fordel at vi no kan drive opplæring i systemet på land i staden for å bruke den tida vi har til rådigheit på havet, fortel sjefen for Fregattvåpenet, Bjørn Egenberg.

Egenberg held fram at den landbaserte simulatoren vil verte essensiell i opplæringa av nye mannskap og av dei som allereie er om bord på fregatten.
– Dette er ein viktig milepæl for Fridtjof Nansen-klassen, avsluttar han.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.