Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

|
| HEIME: Store delar av den norske kontingenten returnerte i går til Noreg. |
Sjef Marinens Logistikkvåpen, Rune Fromreide og Lars Flostrand frå MTB-våpenet møtte på Flesland lufthamn for å ta imot dei tilreisande.
Det norske bidraget til Unifil II var avslutta denne veka, men sjølv om hovudstyrken no har returnert, legg Rune Fromreide vekt på at det framleis er ein del personell som ikkje kjem tilbake heilt enda.
- Desse skal sjølvsagt takast imot og følgjast opp på same måte som dei som har kome i dag, fortel Fromreide.

|
| VELKOMNE: Sjef for den norske kontingenten, Narve Nordanger vart ynskt velkommen heim. |
Har nådd målet
Målet for oppdraget har vært å hindre smugling sjøvegen inn og ut av Libanon og å sette den libanesiske marinen i stand til å handheve sin suverenitet på eigahand.
KNM Valkyrien forlot i går Limassol med kurs mot Polen. På grunn av heimtransport av MTB’ane på dokkingfartøyet Condock og kommande deltaking i mellom anna øvinga Noble Mariner i midten av mai, er det planlagt ein eigen avslutningsermoni for UNIFIL II-deltakarane den 1. juni på Haakonsvern.
Noregs bidrag til United Nations Interim Force in Lebanon II:
Fire missiltorpedobåtar i Hauk-klassen
Støttefartyet KNM Valkyrien
Maritime Combat Service and Support
Om lag 140 gaster, befal og offiserar