Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

|
| KONSERT: KNMM sitt storband og Odd René Andersen holdt konsert i forbindelse med Marinemesterskapet i Fredrikstad |
Den første konserten foregikk på Tollbodbrygga utanfor KNM Narvik, den siste operative fregatten i Oslo-klassen. Her spelte korpset tradisjonelle militære marsjar til begeistring for dei frammøtte. Det skulle likevel vise seg at det var kveldskonserten som trakk størst publikum.
Viser mangfald
- Vi fekk ein forespørsel om vi hadde mogelegheit til å bidra under Marinemeisterskapet, fortel sjef for KNMM, Truls Sanaker. I fjor haust måtte vi kansellere ein konsert i Fredrikstad, så for oss var dette ei fin anledning til å komme tilbake og sette opp ein ny konsert, held Sanaker fram.
- Forestillinga Ray Charles in concert har vi vist fram i om lag eit år. Med KNMM sitt storband og med Odd René Andersen og Jorunn Erdal på vokal, får vi verkeleg vist at vi kan meir enn å berre spele militære marsjar, som mange vil forbinde oss med seier korpssjefen.

|
| POPULÆRT: Meir en 1000 personar var innom storbandkonserten i Gamlebyen |
Populært arrangement
Det er heller ikkje tvil om at mange ville høre storbandet, då meir enn 1000 personar var innom konserten.
– Vi er så heldige at vi kunne halde konserten i fantastiske omgjevnadar i Gamlebyen. Å spele i dette gamle militære området er heilt ypperleg, fortel Sanaker.
Under konserten var også rekrutteringsoffiserar frå Sjøforsvarets skular til stades. Dei delte ut informasjon om aktivitetar i Fredrikstad i helga og informerte om Sjøforsvaret.
Truls Sanaker fortel at det er viktig at KNMM kan knytte seg opp mot rekrutteringsarbeidet.
– Vi må fungere saman, seier korpssjefen.
Fakta:
Kongelige Norske Marines Musikkorps er jamnt aktive med omlag 130 oppdrag i året.
Desse oppdraga kan variere med alt frå småoppdrag til showkonsertar.
Det tradisjonsrike korpset vart skipa ved kongeleg resolusjon 28. oktober 1820.
I dag tel korpset førti musikarar.
KNMM består av Kongelige Norske Marines storband, Kongelige Norske Marines blåsekvintett og Kongelige Norske Marines messingensemble.