|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Svein Dale
Soleng,
2007-05-11

|

|
- Imponerande innsats
KV ANDENES: Marinemeisterskapet i Fredrikstad vart offisielt avslutta med premieutdeling onsdag kveld. Sjef Kysteskadren Håkon Tronstad var tydeleg nøgd med arrangementet og lova at det vert meisterskap også neste år.

| | INNSATS: Det var imponerande innsats under alle øvingane i Marinemeisterskapet. Her gir kommandør Amundsen alt. |
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret.
- Eg er veldig glad for at dette meisterskapet har vorte gjennomført på ein positiv måte båe på og utanfor idrettsarenaen. Eg er svært imponert over innsatsen til alle deltakarane, fortel Tronstad.
-Eg trur folket i Fredrikstad sit igjen med eit positivt inntrykk av oss etter meisterskapet, held han fram.
Flaggkommandøren takka også Fredrikstad kommune for eit flott opphald i byen, og tok det med fatning at Kysteskadren si leiing vart slått av kommuna i tautrekking.
- Vi fortente å tape, fortel Tronstad med eit smil.
Også neste år

| | NØGD: Håkon Tronstad var svært nøgd med gjennomføringa av Marinemeisterskapet i Fredrikstad |
Under premieutdelinga var den store vinnaren Marinens Jegervåpen, som stakk av med nok poeng til å vinne GIS pokal.
Publikumsprisen gjekk til KNM Narvik, som i tillegg til å skape liv i bybildet, tok ein imponerande siger i den prestisjefulle tautrekkingskonkurransen.
Sjefen for Kysteskadren avslutta talen sin med å spørre publikum om det freista med gjentaking av meisterskapet neste år, og reaksjonen lot ikkje vente på seg.
Til eit rungande ja, kunne Tronstad fortelle at meisterskapet vil finne stad like etter 17. mai 2008 og formante alle avdelingar om å alleireie no legge seg i trening for å vere best mogeleg budde.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|