Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Svein Dale Soleng, 2007-05-14


Leiar motstanden

GDYNJA/KV ANDENES: Mandag er det endeleg klart for starten på øvinga Noble Mariner i Østersjøen. For det norske Sjøforsvaret er dette ei stor øving, båe på grunn av antall farty, men også grunna at ein skal leie motstandsstyrken under øvinga.


LEDER: Kommandofartøyet Andenes er flaggskipet i fiendens styrker, og har en sentral rolle under øvelsen. Her til kai i Gdynja.

Av Andreas Steines Bjerknes, Sjøforsvaret

- I helga har vi fått møte dei vi skal samarbeide med under øvinga og eg har fått eit svært godt intrykk av styrken, fortel Sjef Norwegian Task Group, Håkon Tronstad.
- Dette er ei stor øving og det nye for oss er at vi skal leie heile styrken ikkje berre ein del av den, fortel Tronstad.

- Eg trur vi får ti dagar i sjøen der vi får brukt alt vi har lært tidligare, fortel flaggkommandøren. Han held fram med at styrken verkar svært godt førebudd og at det i tillegg er spanande å skulle spele motstandarar til Nato.

- Før ein ny styrke overtek for ein annan som Nato Response Force (NRF) er det ein stor prosess for å sikre kvaliteten på den påtroppande styrken. Til hasten er det ein britisk maritim styrke, United Kingdom Maritime Forces ( UKMARFOR) som skal ha ansvaret for den maritime komponenten av NRF, fortel Inge Andre Utåker i Norwegian Task Group, (NoTG).
Han fortel også at siste del av kvalitetssikringa for UKMARFOR er øvinga Noble Mariner.


STYRER FIENDEN: - Dette er ei stor øving og det nye for oss er at vi skal leie heile styrken ikkje berre ein del av den, fortel Håkon Tronstad.
Realistisk fiende

- Sjølv om at styrken er leia av UKMARFOR er det element i den frå mange nasjoner i Nato, mellom anna Noreg.

Under Noble Mariner vil Noreg spele ei stor rolle då ein skal fungere som motstanden som NRF-styrken skal bryne seg på.
- For at slike øvingar skal ha noko føre seg, må ein ha ei passe stor og realistisk utfordring, fortel Utåker.

Noreg fekk leiinga av motstandarstyrken (SITFOR) i konkurranse med Canada. Inge Andre Utåker fortel at ein fekk rolle som leiing sidan Noreg er den største bidragsytaren i SITFOR-styrkene og fordi NoTG ynskte den treninga det gir å ha dette ansvaret.

- I dag er Kysteskadren på veg ned i ein bølgedal kva gjeld operativ kapasitet. Noble Mariner er den siste øvinga for KNM Narivk og Oslo-klassen, og dei nye fregattane er enno ikkje tilsvarande operative, seier Utåker. Det same kan også seiast om Missiltorpedobåtane våre, så dette var den siste mogelegheita til å ta på oss eit slikt ansvar på nokre år, avsluttar Utåker.

Deltakande farty under norsk leiing:

KV Andenes (Flaggskip)
HMCS St. John’s
HSWMS Kullen
HSWMS Trossoe
HSWMS Loke
HSWMS Ven
HSWMS Soedermannland
HSWMS Visborg
HNLNS De Reuter
ORP Druzno
ORP Sep
ORP Necko
ORP General Kosciuszco
KNM Narvik
KNM Ravn
KNM Stegg
KNM Valkyrien
KNM Karmoey
KNM Maaloey
KNM Tyr
FGS Spessart
FS Styx




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.