Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Svein Dale Soleng, 2007-05-25


Tente på grundig forarbeid

Etter nærare ti dagar til havs vart Noble Mariner 2007 avslutta torsdag. Stabssjef i Norwegian Task Group (NoTG), Henning Amundsen fortel at det gjennomgåande programmet har vore ein suksess.


INTERNASJONALT SAMMARBEID: Sjefen for Kysteskadren, Håkon Tronstad, fortel at ein har hatt stor nytte av å ha med utanlandske offiserar som ein del av NoTG staben. Her under ein tidligere øvelse.

Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

- Vi la ned mykje og grundig arbeid før øvinga og det har bore frukter, fortel Amundsen. Alle aktørane under øvinga har gjort ein stor innsats og det er gledeleg at det einaste vi har kansellert i forhold til programmet er ting vi sjølv valgte å kansellere, ikkje noko som vi vart tvungne til å gjere, fortel kommandøren.

Under Noble Mariner har Norwegian Task Group fungert som leiar for motstandsstyrken som har sett Nato på prøve.
Amundsen fortel at ikkje heile planen vart gjennomført, då øvingsleiinga heldt litt tilbake.

Kunne skapt større utfordring

VISTE STYRKE: - Vi gjekk inn med stil, innsats og tyngde og viste at vi både har kunnskap og evner å bruke denne, forteller Henning Amundsen etter øvelsen.
- Vi hadde planar som gjekk ut på å sette Nato sine Naval Response Forces (NRF) under litt meir press, sånn at ein fekk testa dei ytterlegare og vi hadde eit scenario som ligg til rette for å skape større utfordringar for Nato enn det verka for oss at det vart denne gangen, fortel Amundsen.

Norwegian Task Group og dei andre norske styrkane som deltok på øvinga kom i følge Amundsen godt ifrå oppgåvene sine.
- Vi gjekk inn med stil, innsats og tyngde og viste at vi både har kunnskap og evner å bruke denne. Vi står løpet fullt ut. Eg trur vi har vist at Nato kan gje oss liknande oppdrag også i framtida, seier kommandøren.

- Spanande øving
Sjefen for Kysteskadren Håkon Tronstad syntes øvinga har vore spanande.
- Det er første gang vi leier ein styrke som har så mange farty frå så mange nasjonar, fortel Tronstad. Flaggkommandøren fortel også at ein har hatt stor nytte av å ha med utanlandske offiserar som ein del av NoTG staben.

Kommandør Amundsen var svært nøgd med dei norske fartya som deltok under øvinga og kunne fortelle at han var imponert over 1. minerydderskvadron som leia ein multinasjonal minestyrke, som på kort tid fann meir enn halvparten av alle objekta i eit gitt område, der NRF ikkje var i nærleiken av samme standard.

- Det var også kjekt å sjå igjen KNM Valkyrien, som kom rett frå oppdrag i Middelhavet og gjorde ein kjempejobb. Vi hadde også to Missiltorpedobåtar som også har delteke i Unifil- styrken og desse viste at dei har lært mykje i løpet av tida dei har vore utanlands, seier Amundsen.

KV Andenes er flaggskipet til NoTG under øvingar, og Amundsen fortel at NoTG neppe kunne hatt noko betre.
- Båe besetning og farty gjer det veldig enkelt for oss å gjere vår oppgåve.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.