|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Andreas Steinnes
Bjerknes,
2007-05-30

|

|
Sikker Soldataksjon
Onsdag vart årets Soldataksjon ”Kjenn din fiende” arrangert på Haakonsvern. Med alt frå eksplosjonar til rappelering og mann over bord, fekk soldatane på basen ein spanande dag med fokus på sikkerheit.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | GASSDRILL: Mange av soldatane hadde ikkje hatt vernemaskedrill sidan rekruttskulen. |
Soldataksjonen starta tidleg med brannøving på kasernane klokka 06.00. Med berre dyner rundt livet og søvnen framleis i augekroken fekk soldatane beskjed om at soldataksjonen var i gang.
Sikkerheit på alvor
Johan Løberg som er sikkerheitsinspektør i Kysteskadren snakka til soldatane under eit opplegg i kultursalen på Haakonsvern.
- For det første er det svært bra at sikkerheit vert tatt på alvor. De har vore med på mykje spanande i dag, men mykje av det vi driv med i Sjøforsvaret er om lag som ekstremsport å regne, seier Løberg.

| | SMERTE: Ein av markørane under førstehjelpsøvinga har tydelege smerter. |
Orlogskapteinen hadde også tre bodskap til soldatane. Løberg fortel at det alltid er viktig å vurdere risikoen ved det ein held på med, at ein passar på seg sjølv og kameraten og at soldatane ikkje måtte vere redde for å gje beskjed dersom noko har gått gale eller kunne gått gale.
- Berre slik kan vi få sett ein stoppar for det som kan verte farleg, fortel Løberg.
Eksplosive utfordringar
Før det hadde soldatane vore gjennom eit rebusløp over store delar av basen, med mange spanande stasjonar og utfordringar. Mellom anna fekk ein sjå demonstrasjon av ein undervasseksplosjon, trening på førstehjelp ved bilulukker, branndemonstrasjon og rappelering.
Stabssjef for Kysteskadren Anders Lekven avslutta Soldataksjonen med å dele ut premiar til dei to beste laga under rebusløpet og takke Tillitsmannsordninga for å sette sikkerheit i fokus.

| | EKSPLOSIVT: Demonstrasjon av undervasssprenging var ein av dei spanande postane soldatane var gjennom. |
- Det er svært viktig å informere overordna om brot på sikkerheita, formana Lekven. Vi må læra av våre feil, men det kan vi ikkje gjere utan at vi får beskjed om dei, avslutta kommandøren.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|