
|
Utveksla erfaring
I etterkant av heimkomsten til dei norske styrkane som har delteke i Unifil II utanfor kysten av Libanon, vart det denne veka gjennomført erfaringsutveksling for å sikre at Sjøforsvaret tek med seg lærdomen frå oppdraget vidare.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | Etter tilbakekomsten for Unifil II bidraget, har ein sett igang ein prosess for å ta vare på dei erfaringane ein har gjort seg. (Foto: Axel-With Gogstad Anfield.) |
Representantar frå Unifil II bidraget, Norwegian Task Group og Fellesoperativt Hovudkvarter, Forsvarsdepartementet og Forsvarets Logistikkorganisasjon deltok under erfaringsutvekslinga som vart halde av Fellesoperativt Hovudkvarter.
Evaluering vart halde over to dagar, der ein i fyrste omgang gjekk saman i grupper, som hadde kvar sine tema. Tema som vart teke opp er planlegging-, deployering-, understøtting-, og redeployeringsfasane ved bidraget.
Viktig evalueringsarbeid
Paal Svendsen som er seksjonssjef for operasjons-staben ved Fellesoperativt Hovudkvarter, (FOHK), fortalte om resultatet av drøftingane om planleggingsfasen og fortel at ved å sitje saman i grupper og diskutere problemstillingane, så fangar ein opp meir enn ved å lese ein enkelt rapport.

| | ERFARING: Paal Svendsen frå FOHK fortel at det er viktig å evaluere det arbeidet som har vore gjort. |
- Det er viktig å evaluere det arbeidet som har vorte gjort, slik at vi kan verte enno betre neste gong vi skal deployere styrker, fortel Svendsen. Vi får også inn mange gode idear som kan brukast seinare, held Svendsen fram.
Erfaringar kjem til nytte
Erfaringar frå Unifil-bidraget har allereie kome til nytte, då dei vart brukte under øvinga Noble Mariner, som skal førebu den nye Nato Response Forces, (NRF9).
- Dette er første gangen FN har bede om eit bidrag med maritime styrkar og vi har gjort svært mange nye erfaringar ved å delta, fortel Svendsen. Vi har også realisert at den treninga vi gjer heime kan gjenbrukast i internasjonale operasjonar, avsluttar Svendsen.
|

|