
|
Erklært operasjonelle
Gjennom alt frå skyting, vernemaskedrill og førstehjelp til rafting, vart Fellesintegrert Driftsstab i Kysteskadren erklært operasjonell førre veke.
Av Andreas Steinnes Bjerknes og Egil Ingebrigsten (Foto), Sjøforsvaret

| | ØVER: Med vernemaska på og klar for ein ny dag med øving til tross for lite søvn. (Foto Egil Ingebrigtsen) |
Med Forsvaret sitt økte fokus på internasjonale operasjonar, har driftsstaben helde på med operasjonalisering det siste året, der ein har kartlegt kva personell som kan delta i internasjonale operasjonar og høvet vart også nytta for samkjøring av dei forskjellige avdelingane.
Oppdatert tilgjengelegheit
- Enkeltpersonar i staben sit på kompetanse som kan vere svært verdifull i internasjonale oppdrag og vi har som mål å halde sjefen for Kysteskadren oppdatert på den tilgjengelegheita vi har for slike oppdrag, fortel sjef for Fellesintegrert Driftsstab,(FID) kommandør Anders Lekven.

| | OPERASJONELLE: Sjef for KE FID, Anders Lekven fortel at staben har gjennomført operasjonalisering. (Foto Egil Ingebrigtsen) |
- Det kan vere medisinske, tenestemessige eller familiære grunnar til at enkelte ikkje vil kunne deployerast dersom det hadde vorte aktuelt, og det er det også viktig at vi får kartlagt, seier Lekven.
Betre tid til seleksjon
Kommandøren fortel at ved å gje alle som deltok på øvinga nødvendige vaksinar, og mellom anna ha kontroll på dei fysiske føresetnadane staben har, så kan ein arbeide fram eit kartotek som gir betre tid for seleksjon ved behov for å kunne stille personell.
- Det kan gjerne gå svært rask tid frå førespurnad til deployering, og di raskare vi kan finne rett personell, di betre er det, fortel Lekven.
- Nokre har alt om våpen, skyting, førstehjelp og så vidare i fingerspissane, mens vi også har sivile i staben som kanskje aldri har teke i eit våpen. Under operasjonaliseringa får vi samkjørt staben ved at vi byrjar på eit basisnivå og arbeider oss framover, fortel Lekven. Han legg også til at han er særs imponert over dei sivile, som viser vilje, lærer og ynskjer å lære.
- Vi har fått samkjørt staben og har kome til eit punkt der alle har eit tilstrekkeleg nivå, konkluderer Lekven.
|

|