
|
Nøgd med ny utdanningsordning
HAAKONSVERN: - For første gang har vi ein raud tråd gjennom heile utdanningsløpet, fortel Bernt Grimstvedt. Befalsskulen for Sjøforsvaret startar denne hausten opptil fleire nye linjer, for å trekke enno fleire til utdanning i Sjøforsvaret.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | GLAD: Sjefen for Sjøforsvarets Skular, Bernt Grimstvedt er svært glad for at den nye utdanningsordninga i Sjøforsvaret fungerer. |
- Vi har no ei heilt ny utdanningsordning, som skal rekruttere fleire elevar til Befalsskulen og samtidig imøtekomme krava for avdelingsbefal, fortel sjefen for Sjøforsvarets Skular, Bernt Grimstvedt.
Tilbod til alle
Grimstvedt ser at det er viktig å ta vare på lærlingane i Forsvaret og fortel at i den nye utdanningsordninga, kan ein ta enkelte linjer ved Befalsskulen for Sjøforsvaret også med yrkesfagleg utdanning. Gjennom den nye ordninga har også dei tekniske linjene fått eit løft.
- Vi har nesten 30 søkarar til tekniske linjer som har fagbrev, fortel flaggkommandøren. Desse hadde vi ikkje hatt noko tilbod til utan dei nye linjene. Uansett kva utdanning skal du ha eit tilbod hjå oss, fortel Grimstvedt.
I år har Sjøforsvaret for første gang delteke på eit felles uttak til dei forskjellige befalsskulane.
- Det viktigaste var at Forsvaret ville ha oss med på eit felles opptak, fortel Bernt Grimstvedt. Vi gjekk til dette med ei positiv haldning, held sjefen for Sjøforsvarets Skular fram.
Attraktive linjer
- Eg må få seie at eg er svært godt nøgd med søkjartala til linjene våre. Vi kunne sjølvsagt ynskt å hatt enno fleire kvinnelege søkjarar, men dette er ein langsiktig og knallhard jobb, fortel ein entusiastisk flaggkommandør.
- Fleire av våre nye linjer viser seg å vere attraktive for kvinner, og på den gjenoppretta Idrettslinja ved Befalsskulen for Sjøforsvaret er halvparten av dei nye elevane kvinner.
Grimstvedt er svært klar på at det har vorte lagt ned mykje arbeid for å få alt på plass til årets opptak.
- Frå ei skisse på ein serviett for eit år sidan, til den fungerande utdanningsordninga vi sit med i dag, har veldig mange arbeidd svært hardt. Eg vil rette ei stor takk til alle som har vore med i prosessen. Det vi trudde kom til å virke har også virka, seier Bernt Grimstvedt, sjefen for Sjøforsvarets Skular.
Linjer ved Befalsskulen for Sjøforsvaret:
Befalsskulen for Sjøforsvarets sider på internett
BKMA: 16
Befalsskolen for Sjøforsvaret:
Ingeniør - Elektronikk/Data: 16
Ingeniør - Elektro/Automasjon: 7
Skipsteknisk drift: 5
Operativ: 16
Maritime sertifikater: 2
Idrett: 12
Befalsutdanning i førstegangstjenesten:
UBHH: 35
SKSK gjennomgående linjer:
Operativ - Marine: 9
Marineingeniør - Elektro/Automasjon: 1
Marineingeniør - Maskin: 2
Tal angir antal elevar neste skuleår.
|

|