
|
Tilbake etter USA-tokt
Etter tre månadar og 19177,8 nautiske mil, kom KNM Fridtjof Nansen tilbake til Haakonsvern Orlogsstasjon etter å ha fullført det lengste toktet i Sjøforsvarets moderne historie.
Av Andreas Steinnes Bjerknes (tekst og foto), Sjøforsvaret

| | TILBAKE: Etter tre og ein halv månad er KNM Fridtjof Nansen tilbake på Haakonsvern. |
Den første av dei fem fregattane i Nansen-klassa gjennomførte testar av fartyets luftvern, sensorar og linksystem utanfor kysten av California. – Vi har fått utnytte dei beste testfasilitetane i verda, fortel skipssjefen på KNM Fridtjof Nansen, Halvard Flesland.
Missiltesting
Mellom anna har fartyet fått testa Evolved Sea Sparrow-missilar, (ESSM) mot mål i ulik høgde, fart og avstand. – Alle måla var "trusselrepresentative" for fartyet og med treff på alle kunne vi segle inn til San Diego med ein feiekost i masta, ”Cleen Sweep”, fortel Flesland.
Sjølv om at fartyet enno har igjen eit år med testar, er ikkje skipssjefen i tvil om at det held mål.
– Det er eit vanvittig bra farty, svært moderne og godt utstyrt. Nansen-klassa er bygd for å kunne operere kvar som helst og vi har testa det i både svært kalde farvatn og svært varme, seier kommandørkapteinen.

| | AVSLUTTAR: For Halvard Flesland vart turen den siste som skipssjef for KNM Fridtjof Nansen. |
Siste tokt som skipssjef
- I løpet av toktet har vi vore innom mange flotte stadar og gjort veldig mykje gøy, men det har også vore veldig mykje arbeid. Det var knalltøft å gå gjennom Panamakanalen, og vi fann ut at ferskvatn ikkje var berre for pyser, når vi seila på Lake Gatun, fortel Flesland.
Mannskapet om bord på KNM Fridtjof Nansen går no mot ferie og dimmitering for nokre av dei menige. For skipssjefen er USA-turen det siste toktet bak roret på F-310.
- Vi skal ha kommando-skifte 14. august, og då tek Ole Martin Sandquist over stillinga som skipssjef, fortel Flesland som skal over i ei stilling som planoffiser i Fregattvåpenet.
- Dette toktet har vore ein "Magical Mystery Tour". Vi er eit lite samfunn som har vore ute på tur, og når besetninga fungerer så godt, og kan jobben sin, så er det gøy å vere skipssjef, avsluttar Flesland.
|

|