
|
Skal endre fokus
- Etter mi meining er det ein av Sjøforsvaret sine beste offiserar, som tek over kommandoen, fortel Halvard Flesland om den nye skipssjefen på KNM Fridtjof Nansen, Ole Morten Sandquist.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | ENDRE FOKUS: Den nye skipssjefen Ole Morten Sandquist skal ta F310 over i operativ verksemd. |
Det var under ein høgtideleg seremoni på helikopterdekket på F310 at Sandquist tok over styringa av den første fregatten i Nansen-klassa. – Den største utfordringa framover, vil vere å endre fokuset til fartyet frå den testperioda vi har hatt, til eit operativt farty som kan løyse båe fred- og krigstidsproblem, fortel Flesland.
- Etter å ha vore skipssjef først for kadrebesetninga og for denne besetninga dei siste fire åra, så håpar eg de er stolte over å få vere med dette fartyet, og eg vil ynskje båe Sandquist og besetninga lykke til, sa Flesland til dei frammøtte under kommandoskiftet.
Sjefen for Fregattvåpenet, kommandør Bjørn Egenberg takka Flesland for det arbeidet han har lagt ned som sjef for KNM Fridtjof Nansen. – Det er ikkje nødvendigvis enkelt å ta over eit heilt nytt farty og å få det til å fungere, men Halvard Flesland har gjort ein veldig god jobb med både fartyet og besetninga, fortel Egenberg.

| | AVSLUTTAR: Halvard Flesland går frå å vere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen til å vere prosjektoffiser i Fregattvåpenet. |
Ole Morten Sandquist som tek over rolla som skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, har vore involvert i Nansen-systemet i seks år.
- Eg har drøymt om å vere sjef for ein fregatt i snart 21 år, og det er ei stor ære å få sjansen til å vere skipssjef på KNM Fridtjof Nansen, fortel Sandquist.
- No må vi dreie hovudfokuset til å verte ei operativ eining og vi må gjere vårt beste for å nytte tida framover på ein god måte. Med mange nye ansikt i besetninga, er det også viktig at dei eldre besetningsmedlemma, tek seg av dei nye så godt som mulig, seier Sandquist.
Halvard Flesland vil det neste året halde fram som prosjektoffiser i Fregattvåpenet.
|

|