
|
Mange tok sjansen
Stor kreativitet sto i høgsetet då Valkyrien arrangerte ”Ta Sjansen” på Sjøkrigsskulen i helga. Med farty som varierte frå russiske undervassbåtar til ein modell av Sjøkrigsskulen, var det duka for både knall og fall.
Av Andreas Steinnes Bjerknes, Sjøforsvaret

| | FARGERIK: Med både raud røyk og brannsløkkingsapparat var dette fartyet eit av dei mest fargerike i konkurransen. |
18 lag var påmeldt til strid om beste tid, største fiasko og beste konsept og mange var møtt fram for å vere tilskodarar under den spanande konkurransen. Med i juryen var mellom anna stabssjef i Kysteskadren, Anders Lekven, som var imponert over arrangementet.
- Det vert nesten for spanande, fortel kommandøren. Eg synest dette arrangementet gjenspeglar det vi held på med i Sjøforsvaret, det må kunne gå an å ha det moro, men samtidig må vi alltid vere klar over at det vi held på med er alvorleg. Vi er uheldige og får ei skade, men alt i alt har dagen vore svært vellykka seier Lekven.
Satsar større
Både Anders Lekven og sjefen for Sjøkrigsskulen Thomas Wedervang fortel at ein ser på mogelegheita til å arrangere noko enda større neste år. – Vi håpar på å kunne få til noko med der Kysteskadren og kanskje resten av Sjøforsvaret kan delta, seier Lekven.
- Dette har vore eit prøveprosjekt som er sett i gang av kadettar frå Sjøkrigsskulen, men vi håpar det kan vere mogeleg å utvide, og kanskje til og med legge arrangementet til Bergen sentrum, seier Wedervang.

| | NØGD: Stabssjef i Kysteskadren, Anders Lekven var nøgd med arrangementet, og ser ikkje vekk ifrå at noko slikt også kan gjerast neste år. |
Resultat Ta Sjansen
Raskeste fartøy:
Sjøkrigsskolens opplevelsessenter (Fra klasse LOG2)
Årets konsept:
KNM Hai (Fra Navkomp, SKSK)
Årets fiasko:
Gjenbrukskameratene (Fra logistikklærerne på SKSK)
Bilder frå Ta Sjansen:

| | FRAMMØTTE: Mange møtte opp for å sjå dei kreative fartya på Sjøkrigsskulen. |

| | NY LOGISTIKK: Sjøforsvarets nye logistikkfarty fekk vist seg fram. |

| | OM90: Som det første einaste luftige innslag i ta sjansen, fekk OM90 vist at det går an med helikopter også til havs. |

| | SERVICE: Tøff utsjånad og proft utstyr til tross, det viktigaste var kaffi og kjeks på bro. |
|

|