
|
Heidra med minnesmerke
Ingvald Eidsheim og Ubåtjagaren KNM Hitra vart laurdag 25. august heidra med kvar sin bauta på brygga ved Eknesvågen. Minnesmerket vart avduka av Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Av Andreas Steinnes Bjerknes. Foto: Magne Åhjem, Sjøforsvaret

| | MINNESMERKE: Ingvald Eidsheim styrte KNM Hitra på 43 av 45 tokt. Det er difor svært gledelig at dei kunne få eit felles minnesmerke. |
Under den andre verdskrigen var Ingvald Eidsheim mellom anna skipssjef på kystubåtjagaren KNM Hitra, som gjennomførte 45 av av 115 vellykka tokt mellom Noreg og Shetland.
- Desse to bautane er uløyseleg knytta til kvarandre, fortel Forsvarsminister Strøm-Erichsen. Ein kan ikkje nemne Ingvald Eidsheim utan også å nemne KNM Hitra. Det er difor svært gledelig at dei kunne få eit felles minnesmerke. Ingvald Eidsheim styrte KNM Hitra på 43 av 45 tokt, og den einaste gongen han ikkje kunne vere med, var då sonen hans vart fødd, held Strøm-Erichsen fram.
- Ein av mange heltar
Forsvarministeren fortalte i talen sin før avdekkinga av minnesmerket, at det var med djup ærbødigheit at ho hadde tatt på seg dette oppdraget.
- Krigen gav oss mange helter. Ingvald Eidsheim er ein av desse, ikkje minst på grunn av alle flyktningane han brakte i sikkerheit i løpet av krigsåra.

| | FLYTENDE MUSEUM: KNM Hitra er den einaste Shetlandsbussen som framleis er under kommando. |
KNM Hitra er den einaste ”Shetlandsbussen” som framleis er under kommando. Etter at vraket av den vart gjennfunne i skjærgarden utanfor Karlskrona i Sverige, var Ingvald Eidsheim med for å identifisere fartyet.
Marina si stoltheit
- Dette har vore ein gledens dag, fortel kontreadmiral Egil Eikanger. At vi får heidre Ingvald Eidsheim og i tillegg KNM Hitra, som ligg til kai her, og som har vore og framleis er marina si stoltheit. Begge får i dag ei velfortent takk, heldt Eikanger fram.
Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, delar av familien til Ingvald Eidsheim og andre utvalte gjestar vart transporterte frå Bergen til Eknesvågen med KNM Hitra, som i dag er eigd av Marinemuseet, men som framleis er under Sjøforsvarets kommando.
|

|