Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Marita Myklebust Tonning, 2007-11-01


Opplevingsrikt jubileum

Fredag feira Sjøkrigsskulen 190 år i Noreg, og nytta samtidig anledninga til offisiell opning av den nye simulatoren.

Av: Marita Myklebust Tonning

Sjøkrigsskulen, som vart grunnlagt i Stavern i 1817, har vore i Bergen sidan 1960 og det var der markeringa fann stad.

Dei frammøtte gjestane vart tekne imot av sjef Sjøkrigsskulen, kommandør Thomas Wedervang, før omvisinga begynte. Blant anna kunne han glede dei eldste gjestane med nye admirals lounge, ein møtestad for gamle tilsette ved skulen.


Skuleskjef Thomas Wedervang opnar den nye simulatoren. Foto: Eirik Henriksen
Attraksjonar
Av attraksjonane som vart presentert var opninga av den nye Storebru simulatoren mest populær. Etter at brua var fylt opp med gjestar tok kommandørkaptein Jan Otto Hammersland ordet.
- Vi har allereie tjuvtesta brua, og den svarar absolutt til forventingane, fortalde Hammersland. Deretter stilte kommandør Wedervang seg bak spakane, sette full fart framover og markerte med det at brua var opna.

Framtidsvisjonar
Under omvisinga vart også det som skal bli ein historisk gang presentert. Heilt frå gangens start ved Kronprins Haakons Aula til slutt ved simulatorane, skal veggane vere kledde med Sjøkrigsskulen historie frå 1817.

Planen er at gangen skal vere ferdig til 200-årsjubileet i 2017, og at heile historia då skal vere presentert langs veggane. 200 år med kadettliv på eine sida, medan fartya frå same tidsrom presentert på andre sida.

Og med simulatorpark med ny skjoldbru om to år, eige kurs og konferansesenter og sjøkrigsskulen offisielt opna som event-senter, håper Wedervang at fleire sivile vil ta turen.

- Ønsket er at Sjøkrigsskulen skal vere meir open, at skuleklassar og liknande kan komme på besøk og sjå, fortalte Wedervang.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.